Trollheimspodden
Bokslepp med erindring og undring i ytre og indre landskap
Forfattar Lars Steinar Ansnes har valgt tittelen «I mitt landskap: erindring og undring». Brit Polden beriker boka med kunstneriske innslag. Saman får dei med lesarane ut på ei reise som startar i ei tid kor tida fekk større plass, og med refleksjonar over samfunnets endringar.
Lars Steinar Ansnes budde i barndommen på ein av Kvennbø-gardane på Eidet i Surnadal og er halvt bøfjording. Han fortel at han vaks opp i eit miljø kor han blei sett, og at dei tok seg tid til kvarandre.
– Det var ei helt anna ro over livet til folk, det er ikkje tvil om det. Men det betyr ikkje at alt var betre før. Vi har opplevd mange store framskritt, seier Ansnes, men undrar og reflekterer over endringane:
– Kanskje har det gått litt for fort, og kanskje har vi gløymt noko på vegen mot den velstanden vi har oppnådd.
Lang fartstid
Etter oppveksten flytta Ansnes frå Surnadal og bur no på Bud. Mannen har vore frilanser, journalist og redaktør i nær 50 år, og skriv no som frilanser i lokalavisa Hustadvikingen.
Denne bokutgjevinga blir hans sjuande. Tidlegare har han gjeve ut fem bøker ilag med Erling Myrbostad og Torbjørn Polden, og har åleine gjeve ut "Tankar og tekster frå Fintenkjarplassen". Han har óg bloggen Fintenkjarplassen, som du finn i denne lenka.
Den gode formidlaren er svært glad for at han som pensjonist kan ta med seg det beste av jobben vidare. No har han høve til å ta seg god tid på å skrive tekstene, leggje dei ifrå seg og ta dei fram att når det måtte passe.
Bonus-surnadaling
Brit Polden er kjent som programleiar i Nasjonale turistvegar på NRK, og har i motsetning til Lars Steinar ikkje budd i Surnadal. Ho sjer på bygda som sin andre heim, då far hennar er derifrå, og ho har mange slekningar i bygda. Ho er oppvaksen på Raudsand, men har starta dei aller fleste barndomsåra på nyttårsfeiring hos tante Ingeborg i Surnadal.
Polden har blant anna jobba innan Kulturskolerådet (tidlegare Norsk Kulturskoleråd), Drømmestipendet, og vore kunstlærar.
Brit og Lars Steinar har kjent kvarandre i rundt 20 år, og ho blei svært glad då ho blei spurd om å illustrere tekster til boka og bidra med dikt.
Men kva jobbar ho med til dagleg? Og korleis samarbeider dei to med tekstene og illustrasjonane?
Lettlest formidling
Boka består av 33 tekster fordelt på tre delar. Målforma er nynorsk, og den er skrive på ein måte som gjer den lettlest.
Forfattaren har vore oppteke av at kvar einskild tekst ikkje skal bli for lang, og har gjort eit godt arbeid med å komprimere tekstene samstundes som han har klart å behalde den sterke formidlinga. Det er ein kunst å formidle godt med få ord, noko han evlar godt!
At tekstene er enkeltståande, men samstundes har samanheng, tykkjer Brit er fint. Ho meiner at det gjer at ein kan lese litt om litt, og er - óg på den måten - ei god bok ein kan kose seg med lenge.
Refleksjonar
Landskap har dobbel meining i boka; det indre og det ytre landskapet. Den omhandlar blant anna dei nære ting, og kva som tel i kvardagen. Brit fortel om refleksjonar som har treft ho svært sterkt, og at boka ofte får henne til å smile, men óg felle nokre tårar.
– Det sterkaste med boka er at den får deg til å tenkje, den får deg til å føle, seier ho.
– Han klarer å formidle og setje ord på sinnsstemningar og formuleringar og tankar og følelsar som eigentleg ikkje vi kanskje reflekterer så mykje over, men som vi da gjer oss tankar om når vi les tekstene.
Heidringar
Ansnes heidrar fleire i boka. Eit døme er i "Eit mirakel i gult og blått", kor vi får sjå gamle bilete som kanskje både surnadalingar og rindalingar med fleire vil finne nokon dei kjenner, og kven heidrar han i «Møtet med urkrafta frå Rindal»?
Første bokslepp vil skje på Retrofabrikken på Tingvoll 25. november, 8. desember blir det i Myrvang på Kvanne i samarbeid med Stangvik Historielag, og seinare på Ålvundfossen i samarbeid med Sunndal Mållag, og i Bud.
Lars Steinar tykkjer pensjonistar som har jobba i avis har eit privilegium:
– Du er jo priviligert på den måten at du kan gå inn i pensjonistlivet og plukke med deg det beste av det yrket du har hatt og berre fortsetje.
Høyr meir av Ansnes og Polden sjølv i dagens episode av Trollheimspodden:
Bård Inge Romundstad var med som teknisk assistent under podkastepisoden.
Du finner fleire episodar under og ved å trykke på boksen "Trollheimspodden" nederst i saken.