ANNONSE:

Screenshot

Juleverkstad i Stangvik prestegard

Vi minner om juleverkstaden i Stangvik prestegard måndag 30. november!

Barn, gjerne i lag med foreldre, besteforeldre eller andre,  er velkomne til å vere med å tenne julegrana, lage pepparkaker og julepynt, og synge julesongar, frå kl 17!

Frå kl 19 er alle både barn og vaksne velkomne til julesong, med Oddveig Helset Halle på piano, Jens Settemsdal og Pål Arne Winsnes som forsongarar, og Torbjørn Brøske fortel litt om julesongane.

Det blir servering av gløgg og pepparkaker. Alle velkomne!

Påmelding av borna innan laurdag 28. november til :

Jens Settemsdal mobil 93241033

Rannveig Brøske mobil 47625054

                                                                                                

Powered by Labrador CMS