Landbrukskonferansen 2026
Bonden står sentralt i beredskapen
Torsdag inviterte SpareBank 1 Nordmøre i samarbeid med Surnadal kommune, Surnadal Bondelag og Todalen bondelag til Landbrukskonferanse 2026 i Storstuå på Surnadal kulturhus.
Godt over 120 deltagere hadde meldt seg på Landbrukskonferansen i Surnadal, ein konferanse som blir arrangert annakvart år.
På årets landbrukskonferanse fekk dei påmeldte ein fin miks av innlegg om beredskap, landbruksøkonomi og sjølvleiing.
Solvår Halset, bedriftsrådgjevar for landbruk i SpareBank 1 Nordmøre, ønskte alle velkommen til landbrukskonferansen, før ho gav ordet vidare til dagens konferansier, Gøran Bolme.
Viktig å vere godt førebudd
Tor Arne Moen er brannsjef i Surnadal kommune. Han meiner den psykiske beredskapen er like viktig som den praktiske. Han oppfordra bøndene til å snakke meir om belastningar og bli flinkare til å ta vare på kvarandre.
Han understreka i innlegget sitt kor viktig det er å vere godt førebudd beredskapsmessig i høve til flom, bortfall av elektronisk kommunikasjon, bortfall av straum, bortfall av vatn og avløp, ras som fører til isolasjon av bygder og grender, brann i bygningar, skogbrann, sabotasje og krig.
Moen tok i sitt innlegg også opp stressrelaterte reaksjonar etter alvorlege hendingar. Normale stressreaksjoner er overfølsamheit for lyd, irritabilitet, søvnmangel, at man unngår eller oppsøker skadestaden, «demens light», utmatting eller athendinga blir «spela av» i minnet gong etter gong i lang tid, kanskje for all framtid?
For å kome seg ut av negative påkjenningar og få ny energi oppfordra Moen til å vere fysisk aktiv, sosial, få nok søvn og finne positive opplevingar.
- Bonden tåler mye, men ikke alt, oppsummerte Moen til slutt i innlegget sitt.
Vil redusere teknoligiavhengigheita
Turid Nordbø er gründer og drivar av Grindal Ysteri i Rennebu kommune i Trøndelag.
Grindal Ysteri består av dei to gardane Jelan og Stigen, som driv med ku- og geitemjølkproduksjon. Om sommaren driv dei seterdrift på Øyasetra og Jelsetra i Jøldalen.
Nordbø sa at det er viktig for Grindal Ysteri å ha nærheit til råvarene dei brukar i produksjonen sin.
Hovudproduktet til Grindal Ysteri er den premierte osten Råblå. Elles lagar dei fleire typar ostar, både av ku- og geitemjølk.
Grindal Ysteri har eigen sjølvbetent gardsbutikk. Dei leverer til REKO-ringen og direkte til restaurantar, mellom anna i Trondheim. Ysteriet samarbeider også med Grønt frå Grindal, slik at dei kan levere økologiske grønsaker.
Nordbø meiner det er sunt å vere skeptisk til innføringa av for mykje teknologi i landbruket, spesielt til teknologi som gjer oss meir sårbare i høve til cyber-angrep. Å redusere teknologiavhengigheita er god beredskap, meiner ho.
- Det er viktig å utnytte både inn- og utmark i landbruket vårt, sa Nordbø til slutt.
Norske gras- og beiteressurser er viktige for matberedskapen
Christian Anton Smedshaug er sjefsøkonom i Landkreditt.
Under sitt innlegg om landbruk og matberedskap la han vekt på kor godt Norge har lykkast med å bevare ein eigen landbruksmodell, sjølv om den har vore utsett for internasjonalt press om liberalisering.
– Jeg vil påstå at det nok ikke er noen steder i den vestlige verden hvor det er bedre å være bonde nå enn i Norge, sa Smedshaug.
Han understreka at det mellom anna er nødvendig å forstå korleis marknaden, både nasjonalt og internasjonalt, og jordbrukspolitikken nasjonalt heng saman.
Han viste statistikkar som viser korleis landbruket i Norge er samanlikna med Sverige, Danmark og Finland, spesielt med tanke på produksjonsmåtar og kva som blir produsert i dei ulike landa.
Han kunne fortelje at vi er 40% sjølvforsynt med animalske produkt og 60% med produkt frå planter og grønsaker.
Smedshaug er oppteken av at det skal vere økonomisk berekraft i norsk landbruk, da dette er viktig for å utvikle og bevare landbruket som næring.
Norge er ein stor råvareprodusent til matproduksjon, men er dårlegare på å produsere ferdige matvarer, meiner han.
- Utnyttelse av norske gras- og beiteressurser er avgjørende både for matberedskapen, selvforsyningen og fortsatt landbruksdrift over hele landet, avslutta Smedshaug.
Lunsjpause med kulturinnslag
Det vart også tid til ein times lunsjpause på Frich’s Hotell Surnadal. Lunsjpausen vart avslutta med eit kulturinnslag med Gøran Bolme i foajeen. Han song først ein song frå Snillfjord, før han avslutta med sin eigen song «Heldigvis tre dager i et døgn».
– Samann førebygger vi og handterer kriser
Else May Botten er Statsforvaltar i Møre og Romsdal. Botten satt i perioden 2009 - 21 på Stortinget for Møre og Romsdal, og representerte der Arbeiderpartiet. Frå 2021 har ho vore Statsforvaltar i Møre og Romsdal.
Botten snakka i sitt innlegg om beredskap og kor viktig dette er i dagens samfunn, der vi oftare og oftare mellom anna blir utsett for prorussiske hackarar, som er ein trussel mot viktige samfunnsystem.
Ho poengterte at kommunen har ei nøkkelrolle i beredskapsarbeidet, medan Statsforvaltaren fører tilsynet med det kommunane gjer i høve til beredskap.
Statsforvaltaren er også bindeleddet mellom nasjonale og lokale aktørar i arbeidet med tryggleik og beredskap.
– Sammen forebygger vi og håndterer kriser når de oppstår, sa Botten.
Ho understreka også at det er viktig at landbruket og bøndene har eigne beredskapsplanar, slik at dei er godt førebudd når det eventuelt oppstår ein krisesituasjon.
Til slutt oppfordra ho alle, gjennom ordføraren i kommunen, til å ta kontakt med Statsforvaltaren, dersom ein har forslag til tiltak som kan betre beredskapen, både lokalt og regionalt.
Landbruket treng langsiktige rammer
Partileiar og stortingsrepresentant Trygve Slagsvold Vedum måtte på kort varsel melde forfall til Landbrukskonferansen. Han vart erstatta av Geir Pollestad.
Pollestad har sidan 2013 vore vald inn på Stortinget frå Rogaland. Han var landbruks- og matminister frå 2023 – 25. Pollestad er utdanna jurist og økonom.
Pollestad er oppteken av matsikkerheita vår, og at vi må produsere meir av maten vår sjølv. I dag ligg eigenproduksjonen på rundt 40%, men det er eit mål om å auke denne til 50%, sa han.
For å få til dette treng landbruket langsiktige rammer, slik at produksjonen kan tilpassast og aukast. Det tek mange år å få auka eigenproduksjonen frå 40% til 50%, understreka han.
- Produksjon av mat og tilgang på mat er det viktigaste i samfunnet vårt, oppsummerte Pollestad i innlegget sitt.
Bonden er den viktigste ressursen
Guro Sogn Bjerke er offiser, prosjektleiar og bonde. Bjerke har 12 års erfaring frå Forsvaret. I dag arbeider ho som prosjektleiar i Kongsberg-gruppen. I tillegg driv ho og mannen gard med potet- og kornproduksjon i Larvik kommune i Vestfold.
Bjerke er nok for mange best kjent som ein del av befalet i Kompani Lauritzen på TV 2.
Ho starta innlegget sitt med konstatere at både ho og alle andre gardbrukarar i salen er opptekne av at drifta av gardane deira skal bli eller forbli eit levebrød.
Bjerke konstaterte at det er hardt å drive i landbruket i dag. Dette fordi prisane på innsatsfaktorane aukar meir enn det bøndene får for produkta sine.
Den viktigaste ressursen i landbruket er ikkje jorda eller traktoren, men bonden sjølv.
– Løys oppdraget og ta vare på folka, var Bjerke sitt klare oppfordring.
Avrunda Landbrukskonferansen
Ordførar Hugo Pedersen har sjølv lang erfaring frå landbruket, og han er stolt av å vere ordførar i ein av dei største landbrukskommunane i fylket.
Ordføraren oppsummerte konferansen som ein interessant og lærerik konferanse med mange gode og aktuelle innlegg.
Til slutt oppfordra han folk til å møte opp til lysfest på Skei!