Korsbrua og Røvbrua periodevis stengt i helga
Møre og Romsdal fylkeskommune skal montere nye brufuger på Korsbrua og Røvbrua.
Bruene blir stengde etter tur frå fredag 20. november på ettermiddagen og fram til arbeidet er ferdig søndag 22. november, opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune i en epost torsdag.
Entreprenøren startar arbeidet på Korsbrua. Medan Korsbrua er stengd, vil Røvbrua vere open. Når arbeidet på Korsbrua er ferdig, blir denne opna før arbeidet startar på Røvbrua.
Monteringa av brufugene er ein del av vedlikehaldsarbeidet som tidlegare er gjennomført på bruene.