ANNONSE:

Førjulskonsert med Gro Kjelleberg Solli og Runa Kvalsund på Åsen bygdemuseum

Publisert Sist oppdatert

Folkesongarane Gro Kjelleberg Solli og Runa Kvalsund inviterer til ei varm og kontemplativ konsertoppleving med salmar, viser og stubbar tradisjonelt knytt til jula. Frå den eldste daterte adventssalmen frå 1569 til skjemteviser om reven, tek dei publikum med på ei stemningsfull reise gjennom fleire hundre år med juletradisjonar.

Resultatet er eit nært og levande møte med folketonetradisjonen – eit pusterom i førjulsstria for store og små.

Gro Kjelleberg Solli er utdanna folkemusikar og musikkpedagog. Ho har gjort fleire plateinnspelingar, blant andre med trioen Tre begrædelige piger (2005) og soloplata Stien eg fann (2018). Ho syng folketonar frå Nordmøre og Østerdalen på konserten.

Svart-hvitt portrett av en kvinne med bølgete hår mot en mørk bakgrunn.
Gro Kjelleberg

Runa Kvalsund er folkesongar og låtskrivar frå Trondheim, utdanna ved Norges musikkhøgskole. Ho syng tradisjonsstoff frå Sør-Trøndelag og Nordmøre. Ho turnerer elles med gruppa Sluppen Grafokordlag, og underviser i folkesong.

Svart-hvitt portrett av en dame foran et stort tre.
Runa Kvalsund

På konserten får vi høyre dei synge solo og saman, akkompagnert av strengeinstrument – mellom anna med ein kopi av Kraviklyra, som skal vere det eldste instrumentet som er funne i Noreg.

ANNONSE:

Førjulskonsert med Gro Kjelleberg Solli og Runa Kvalsund

28. november kl. 15.00, i fjøset på Åsen bygdemuseum i Surnadal

Billettpris: 260 kr.

Kjøp gjerne billett på førehand, men det blir også billettsal i døra.

Meir info og billettsal på www.nordmorsmusea.no

Powered by Labrador CMS