Gruppe mennesker poserer i en lys korridor med trapp og kunst på veggene.
Musikarane og songarane samla til øvingshelg

Snart klart for Merry Fu**ing Christmas

I helga gjennomførte Surnadal Konseptutvikling (SKUV) den første av to øvingshelger før dei framfører sitt juleshow Merry Fu**ing Christmas i Storstuå på Surnadal kulturhus fredag 27. november og laurdag 28. november.

Publisert

Dette er niande gongen sidan 2017 at  SKUV kan invitere til sitt populære juleshow, så ein kan trygt seie at dette har vorte ein lokal juletradisjon, som til neste år, om det blir framsyning, kan feire både 10-årsjubileum 10. framsyning.      

Også årets utgåve av Merry Fu**ing Christmas vil vere fylt med musikk, song, dans og revyinnslag.  

Musikere spiller på instrumenter under en bandøvelse i et lydstudio.
Musikarane og songarane var godt i gang med dag to av øvingane da vi var innom søndag.

Rutinerte musikarar og songarar med to nykommarar 

Det er også i år Rune Dalager som er produsent for juleshowet. Bandet består i år av Peder Vaagland på tangentar, Olav Nergård Tørset på slagverk, Sondre Skogseth på bass, Sigve Holten og Ola Langli på gitar. Holten og Langli er med på juleshowet for første gong 

På vokal får ein i år høyre Ida Mo, Ann Iren Pettersen Dyrli, Hedda Moen Gjerstad, Karstein Mauset og Pål Sæther.  

Dansen er det Dansekompaniet frå Surnadal og Rindal kulturskole som står for, medan Olav Mogstad, Håkon Solem og Eirik Nordvik bidreg med humoristiske innslag.

To helger med intens øving 

Denne helga og neste helg har musikarane og songarane øvingar for å finpusse samspelet fram mot premieren den 27. november.  

- Vi øver både laurdag og søndag desse to helgene, så det blir bortimot tretti timar med intense øvingar, seier produsent Rune Dalager.  

- Det er å øve som er sosialt og artig, legg Karstein Mauset til.  

Musikere spiller sammen på en liten scene mens en person sitter ved et tangentinstrument i forgrunnen.
Rune Dalager er produsent, og følger nøye med på øvinga.

Variert repertoar  

Utan å røpe for mykje av repertoaret som blir framført i årets utgåve av Merry Fu**ing Christmas, så kan vi nemne This Christmas, Å, Signa Natt, og Her Kommer Vinteren.  

Fairytale Of New York avsluttar som alltid juleshowet.  

I tillegg blir det som tidlegare nemnt bade dans og humoristiske innslag. 

Ledige billettar 

Det er framleis nokre ledige billettar til dei to framsyningane, kunne produsent Dalager fortelje da vi var innom øvinga på søndag.       

Powered by Labrador CMS