Inviterer til Landbrukskonferansen 2026
Torsdag 19. november inviterer SpareBank 1 Nordmøre i samarbeid med Surnadal kommune, Surnadal Bondelag og Todalen Bondelag til Landbrukskonferansen 2026 i Storstuå på Surnadal kulturhus.
Hovudtema for Landbrukskonferansen 2026 er beredskap og økonomi i landbruket, og da var det sjølvsagt naturleg å få brannsjef i Surnadal kommune, Tor Arne Moen, til å ta på rolla som konferansier. Tor Arne skal også halde eit innlegg under konferansen.
Variert program av høg kvalitet
Årets program er både variert og held høg kvalitet, der partileiar i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, kanskje er det største «trekkplasteret»?, men også dei andre Innleiarane vil halde interessante innlegg med viktige tema.
Trygve Slagsvold Vedum
Han har vore partileiar i Senterpartiet sidan 2014. Han har vore stortingsrepresentant i fleire periodar. Han har også vore Landbruks- og matminister og finansminister.
Turid Nordbø
Turid Nordbø er gründer og har sidan 2014 vore drivar av Grindal ysteri. I dag driv ho tre økologiske gardar under merkevarenamnet Grindal.
Gardane driv med mjølkeproduksjon frå geit og ku, og har eit gardsysteri, to setrer med mjølkeforedling, aktiv beitebruk, sauehald og marknadshage.
Christian Anton Smedshaug
Han er sjefsøkonom i Landkreditt og førsteamanuensis II ved NMBU.
Han har brei erfaring frå nærings- og handelspolitikk og samfunnsøkonomi frå mellom anna AgriAnalyse, Landbruks- og matdepartementet, Norges Bondelag, OECD og WTO.
Smedshaug arbeider mykje med spørsmål knytt til jord- og skogbruk, industri, sjølvforsyning og forsyningssikkerheit, i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv.
Bilde: Utdrag frå programmet under Landbrukskonferansen.
Guro Sogn Bjerke
Ho har befal skule og Krigsskule frå Hæren. Med 12 års tjenesteerfaring frå Forsvaret har ho fått ei brei leiarerfaring.
I 2019 tok ho og mannen over familiegård hans, og produserer i dag 1,5 millioner kilo poteter og korn.
Samtidig med dette fakk Guro jobb som prosjektleiar i Kongsberg Gruppen. Guro har ein mastergrad i sikkerhetsledelse og kulturforståelse frå BI, prosjektlederutdanning frå Høgskolen i Kristiania og Metier.
I 2023 og 2024 har ho vore deltakar på Olympiatoppen akademiet der det har vore fokus på høgprestasjonsmiljøa.
Guro har sidan 2022 vore ein del av Dag Otto Lauritzen sitt befalsteam og bidrege som tydeleg og konsekvent Løytnant i seks sesongar av Kompani Lauritzen. Meistring, disiplin og sjølvleiing er tre ting som ligg Guro Sogn Bjerke sitt hjarte nær.
Else-May Botten
Ho starta som fylkessekretær i LO i 1995, og vart valt inn som vararepresentant på stortinget i 2005. Frå 2005 – 2021 var ho fast stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal.
Frå 2021 overtok Else-May som statsforvaltar i heimfylket Møre og Romsdal.
Sjå SpareBank 1 Nordmøre sine nettsider for program og breieare omtale av foredragsholdarane.
Lokale bidrar sjølvsagt
Som allereie nemnt, er det brannsjefen i Surnadal kommune, Tor Arne Moen, som er konferansier under Landbrukskonferansen 2026.
Solvår Halset, som er landbruksrådgjevar i SpareBank 1 Nordmøre vil ønske velkommen.
Gøran Bolme vil rett etter lunsjen bidra med kulturinnslag i foajeen på Surnadal kulturhus.
Ordførar i Surnadal kommune, Hugo Pedersen, vil også sjølvsagt delta på konferansen.
Rask påmelding gjev rabatt
Alle, både private og næringslivet, er velkomne til årets Landbrukskonferanse. Den som melder seg på før 15. september vil få rabattert påmelding, så her er det berre å melde seg på så raskt som mogleg. Melder seg på gjer ein her