ANNONSE: 

To personer ved et gjerde med en langhåret lama i snødekt skog.
Markens grøde

Sterk filmveke på Surnadal kino

Heile tre norske filmar går på kinoen den komande veka – samt ein «ønskereprise» i Filmklubben.

For det blir nok eit gledeleg gjensyn for fleire å sjå STEKTE GRØNNE TOMATER (1991) i Filmklubben onsdag 28. oktober kl. 12. Og har du ikkje sett filmen, kan ein kanskje seie at ein kjem i litt same stemning som det «Forrest Gump» skapte nokre år seinare.

Lesarane til Dagbladet stemte fram STEKTE GRØNNE TOMATER til den beste «feelgood»-filmen vist på kino, og det med klar margin framfor «Titanic» og andre. «Filmen er den ultimate feel-good film, med sin varme blanding av humor og tårer», skreiv dei etter kåringa i år 2000.

Filmplakat med fire kvinner, grønne tomater og teksten «Stekte grønne tomater».

Den norske komedien PENSJONSKUPPET har også tydeleg nok treft bra etter premieren nyleg. Det blir difor fleire sjansar, både på dag- og kveldstid, for å bli med når Hege Schøyen, Anne Marie Ottersen og Anette Hoff skal rane sjølve oljefondet.

Gruppe voksne personer sett gjennom en uregelmessig åpning i en lys flate.
Pensjonskuppet

Den norske filmen MYSTERIEPAKKEN er noko spesiell – og spesiell god: «Det er ikke ofte en dokumentar klarer å være så morsom, spennende, varm og rørende samtidig», skriv filmklikk.no og trillar til seks på terningen. For dette er faktisk ein dokumentarfilm laga for heile familien. Kvart år får ein familie på Sunnmøre ein julepakke sendt i posten merka med «fra alle oss i Arendal». Ingen veit kven som har sendt slike pakkar til kvar jul i 22 år, og no vil dei to ungane til den no vaksne sonen i denne familien prøve å finne ut kven dei er og kvifor. Dei har ein teori: Den første pakka kom rett etter at onkelen deira døde. Kan det ha noko med det å gjera?

To barn ser på et kompakt kamera i en hjemlig stue.
Mysteriepakken

Dokumentaren er laga av mora til dei to: Silje Evensmo Jacobsen er mest kjent for tv-serien om Ingebrigtsen-familien, men har tydeleg også treft blink her – kritikarane har i snitt gjeve filmen 5,2 av mulege 6 på terningen. Seks på terningen fekk dei også av barnevakten.no: «En fin, hjertevarm og sjarmerende dokumentar som gir julestemning, spenning og litt tårer, men mest glede. Vi anbefaler for alle aldre.»

Til helga blir det premiere på den nye norske storfilmen MARKENS GRØDE, basert på romanen som førte til at Knut Hamsun fekk nobelprisen i litteratur i 1920. Kritikkane så langt sprikar litt, frå det heilt storslagne til det litt for pent og pyntelege. Filmen er tatt ut til å vere Noregs Oscar-kandidat, og vil også bli vist i Surnadal på filmklubb-tid (kl. 12) onsdag 4. november.

Meir om filmane og visingstider på https://surnadal-kulturhus.no/

Powered by Labrador CMS