ANNONSE:

Kjedeleg konferanse på kinoen

«Meir underhaldande enn dette kan ein dokumentarfilm knapt bli», skreiv den finske kringkastaren YLE om den finsk/norske dokumentarfilmen HELSINKIEFFEKTEN som Filmklubben viser onsdag 18.11 kl. 12.

Dette er filmen for deg som vil mimre om Bresjnev, Tito, Kissinger, Palme og heile bøtteballetten som møtte på ein konferanse i Helsinki i 1975 for å dempe spenninga i den kalde krigen, og er såleis framleis høgaktuell. Dessverre.

På denne tida samla dei rubb og stubb av europeiske (og amerikanske) leiarar ansikt-til-ansikt, og kjeda livet av dei til dei gav seg over. I motsetnad til i dag da ein heller sender svigersøner og tilfeldige eigedomsmagnatar hit og dit utan kunnskap og resultat.

HELSINKIEFFEKTEN verkar sær, men regissøren har fråtsa i gamle arkivklipp og sett dei saman på ein spenstig måte som gjer det oppløftande å bruke knappe halvannan time på noko som du i utgangspunktet ikkje ville vurdert å sjå. 

Norske media var jamt over like begeistra som finnane, og kan vel oppsummerast slik: «HELSINKIEFFEKTEN fortel historia om eit historisk – og drepande kjedeleg – møte på herleg nerdete og underhaldande vis» (Stavanger Aftenblad).

Johnny Depp i rollen som Ebenezer med flosshatt og mørke klær på en travel gate.
Johnny Depp in Ebenezer from Paramount Pictures.

Meir «mimring»: EBENEZER (aldersgrense 12 år) har premiere denne veka, og det er snakk om svært så kaldblodige Ebenezer Scrooge frå Charles Dickens si juleforteljing. Denne gongen er det sjølvaste Johnny Depp som spelar gjerrigknarken, og han har selskap av Ian McKellen («Gandalf») på kontoret. Eller rettare: hadde selskap, for Marley døydde sju år før no-tida, men kjem att som eitt av fleire spøkelse som konfronterer den hjartelause Scrooge.

Filmen ser ut til å kome greitt frå det med kritikarane, og spesielt Johnny Depp imponerer. Moviezine gir fire av fem stjerner og avsluttar med: «En mørk, stemningsfull og svært severdig julefortelling.»

Dukkelignende figurer samles rundt et bord med kake og levende lys i et varmt opplyst rom.
Julenissens verksted.

Om surpompen Ebenezer ikkje er glad i jula, finst det dei som er det: «JULENISSENS VERKSTED byr på en sjarmerende blanding av nostalgi, humor, eventyr og ekte julestemning», skriv Moviezine – og der ligg stort sett dei andre kritikarane seg også og trillar fire eller fem på terningen. Den norske animasjonsfilmen er også krydra med mange av Thorbjørn Egners klassikarar, og folk er visstnok observert gåande ut av kinosalen nynnande på «Kaptein Sorte Bill»…

PENSJONISTKUPPET nynnar no på siste verset, etter å ha trekt hundretals på kinoen så langt. Det siste innbrotet i Oljefondet er planlagt å skje søndag (15.11).

THE HUNGER GAMES: SUNRISE ON THE REAPING får premiere til helga som kjem. Og vil du vite meir om forestillingstider, gå inn på https://surnadal-kulturhus.no/

Powered by Labrador CMS