Trollheimsmessa 2026
Rindalshuset fyltes
Den tradisjonelle Trollheimsmessa gikk av stabelen i Rindalshuset denne laurdagen. I år er det Rindal IL som er arrangør av messa, og den var berre denne dagen. Heile Rindalshuset var fylt opp av markedsboder, og det var mykje folk som var innom.
Ute hadde Rindal IL parkeringsvakter som dirigerte folk fram til dei ledige plassane. Heldigvis er det nokså gode parkeringsmuligheter rundt Rindalshuset og Rindalshallen.
Rindalshuset var fylt av salgsplassar (boder) med kunst, handverk, lokalmat og andre spennande utstillarar.
Tilstrømminga av folk alt frå opningstimen tyder på at dette er ei populær førjulsmesse. Den har jo lang tradisjon i Rindal.
I år er det Rindal IL som arrangerer Trollheimsmessa i samarbeid med kunstnar Inga Dalsegg.
Utstillarane hadde gjort ein god jobb med å utforme bodene sine til trivelege møteplassar med fint førjulspreg.
Det er også interessant å sjå at det dukkar opp heilt nye utstillarar, og i år var det fleire som meldte interesse enn det var plass til, så det er venteliste for neste år.
Det tyder på at arrangøren Rindal IL, og særleg Inga Dalsegg, har gjort ein god jobb med markedsføring.
Det var også stor breidde i utvalget som utstillarane hadde å by på.
Det var kafé med matsalg og plassane ved borda var mesta fulle heile tida. Det var jo godt å kvile seg etter ein runde rundt salgsbodene. Kanskje nokon samla krefter til ein ny runde også.
Det var i alle fall ein jamn straum med folk som rusla rundt i Rindalshuset. Ingen stressa. Vi registrerte mange trivelege møter mellom bodene.
Arrangørane takkar alle utstillarane og gjestene. Ikkje minst går det stor takk til alle som stiller opp som komité på arrangementet. Utan dei hadde det ikkje vore muleg å gjennomføre årets messe!