Inviterer til julefeiring for alle på Hammerstuene
Surnadal Røde kors inviterer også i år til gratis julefeiring for alle på Hammerstuene 24. desember. Julefeiringa tek til klokka 13:00 og blir avslutta klokka 15:00.
Fjorårets arrangement på Hammerstuene samla godt over sytti gjestar i alderen 3 til 90 år, og arrangementet har fått mange gode tilbakemeldingar.
– Vi legg opp til ei hyggeleg julefeiring med god stemning, seier dei seks damene frå Surnadal Røde kors, som fredag ettermiddag møtte pressa.
– Arrangementet er rusfritt og familievennleg, legg dei til.
Stor takk til Hammerstuene og Martha
– Vi vil rette ein stor takk til Hammerstuene, med Martha Torvik og hennar stab, som også i år opnar dørene, pyntar og lagar mat for å lage ei skikkeleg fin julefeiring, seier damene.
– Utan Martha og hennar stab hadde det ikkje vore mogleg å arrangere dette, konstaterer dei.
Tradisjonell norsk julemat på menyen og julegåve til dei unge
– Det blir også i år servert tradisjonell norsk julemat med kaffe og dessert, fortel Elsa Kvande, leiar i Surnadal Røde kors.
– Alle barn og unge under 18 år får i tillegg ei julegåve, legg ho til.
God støtte frå SpareBank 1 SMN
Årets arrangement, har som i fjor, fått økonomisk støtte frå SpareBank 1 SMN sitt prosjekt Julehjerte, midlar som gjer det mogleg også å ha eit arrangement for bebuarane på sjukeheimen.
ANNONSE:
Gleda med å glede andre er drivkrafta
På spørsmålet om kva som er drivkrafta for å arrangere eit slikt arrangement på sjølvaste julaftan, svarer damene kontant og bestemt: Det er å sjå at andre blir glade og fornøgde, det er drivkrafta for oss som driv med frivillige arbeid!
– Vi håper mange kjem og blir med oss på julefeiring også i år, avsluttar damene i Surnadal Røde kors.
ANNONSE: