Statens vegvesen

Vinterføret gjer sitt inntog fleire stader. Statens vegvesen ber trafikantane vere førebudde og køyre etter forholda.

Vinterføre på veg: Køyr etter forholda

Snø og vinterføre er på veg fleire stader i landet. Statens vegvesen oppmodar trafikantane om å køyre etter forholda.  Det er ikkje berre Aust- og Vestlandet som får besøk av vinteren. Også fleire stader, til dømes i nord og i Midt-Noreg, er det meldt om snø, skriv dei i ei pressemelding onsdag.

Publisert Sist oppdatert

Snøen er på veg over store delar av landet. Dei neste dagane kan mange trafikantar møte vinterlege køyreforhold. I delar av Vestlandet er det frå i kveld til torsdag morgon venta mellom 5 og 10 centimeter snø i område over 100 meter.

Frå torsdag morgon til torsdag kveld er det venta mellom 5 og 15 centimeter snø i store delar av Akershus, Oslo, Østfold, Vestfold og nedre Buskerud. Nær kysten kan delar av nedbøren kome som sludd. Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for snø fleire stader i landet.

– Snøen kan endre køyreforholda raskt. Hald god avstand og køyr etter forholda. Har du framleis sommardekka på, må du la bilen stå, seier Rune Nedgård ved Vegtrafikksentralen aust i Statens vegvesen.

Følgjer vêret tett

Driftsentreprenørane til Statens vegvesen følgjer vêr- og føreforholda nøye og planlegg innsatsen ut frå prognosane.

– Vi er førebudde og følgjer utviklinga tett. Sjølv om mannskapa er ute og gjer tiltak, må trafikantane rekne med at føret endrar seg når snøen kjem, seier Nedgård.

Det er framleis usikkert kvar dei største snømengdene kjem på Austlandet, men trafikantane bør førebu seg på vinterlege køyreforhold.

– Brøytemannskapa er ute for å gjere vegen tryggare for oss alle. Gi dei tid og plass til å gjere jobben, og unngå risikofylte forbikøyringar, oppmodar Nedgård.

Vinteren kjem - også i Midt-Noreg

Det er ikkje berre Aust- og Vestlandet som får besøk av vinteren. Også fleire stader, til dømes i nord og i Midt-Noreg, er det meldt om snø. 

I Vest-Finnmark og Nord-Troms er det venta kraftige snøbyer som lokalt kan gi rundt 10–30 centimeter snø. Det er også meldt om stiv kuling på utsette stader, noko som kan føre til ein del snøfokk. 

Ansvar på vegen og bak rattet

Med vinteren i emning arbeider Statens vegvesen og entreprenørane for å halde riks- og europavegane framkomelege og så trygge som mogleg. Trafikantane bidreg ved å tilpasse køyringa og sørgje for at bilen er rusta for føret.

– No som det er meldt snø fleire stader, vil det påverke køyreforholda. Sjølv om vi gjer tiltak på vegane, kan du ikkje leggje opp køyringa som om det framleis er sommarføre, seier Nedgård og legg til:

– Vi tek ansvar for vegen, men du må ta ansvar bak rattet. Saman kjem vi oss trygt fram.

Sjekk forholda før du køyrer

Før du legg ut på tur:

  • Sørg for at bilen har dekk som er eigna for føret.

  • Sjekk vêr- og føreforholda før avreise.

  • Rekn med at turen kan ta lengre tid.

  • Senk farten og hald større avstand enn på berr veg.

  • Vis omsyn til brøytemannskapa.

Oppdaterte trafikkmeldingar og vegkamera finn du på vegvesen.no/trafikk og i appen Vegvesen trafikk.

Powered by Labrador CMS