To smilende voksne står utendørs; den ene holder en stor bukett med rosa og hvite blomster.
Annika Brandal og Asgeir Bahre Hansen

Eit lag med framtidstru for Møre og Romsdal

Publisert Sist oppdatert

Møre og Romsdal Venstre gjennomførte sitt nominasjonsmøtet på Vestnes laurdag, og har vedteke vallista til fylkestingsvalet i 2027. Annika Brandal frå Hareid er valt som førstekandidat, og skal leie eit sterkt og engasjert lag inn i valkampen, skriv Møre og Romsdal Venstre i ei pressemelding.

- Eg er både audmjuk og stolt over å få tilliten til å toppe denne lista. Vi har samla eit fantastisk lag med brei erfaring, stort engasjement og eit sterkt ønske om å utvikle Møre og Romsdal vidare. Eg gler meg verkeleg til å gå inn i valkampen saman med desse folka, seier Brandal.

Desse seks toppar vallista:

1. Annika Brandal, Hareid

2. Frank Petter Stenløs, Molde

3. Asgeir Bahre Hansen, Kristiansund

4. Kari Grindvik, Ålesund

5. Christian Holstad Lilleng, Haram

6. Mathias Hoem Bjurbeck, Haram

Dei seks toppkandidatane representerer ulike delar av fylket og har med seg verdifull erfaring frå politikk, arbeidsliv og samfunnsengasjement.

Vi har mykje bra, og kan få til endå meir!

Møre og Romsdal er eit fylke med store moglegheiter. Vi har eit sterkt og nyskapande næringsliv, levande lokalsamfunn, eit rikt kulturliv og menneske som kvar dag bidreg til å skape verdiar og utvikling.

- Vi bur i eit fantastisk fylke, med ressursar, kompetanse og skaparkraft som få andre kan måle seg med. Det skal vi vere stolte av! Samtidig er det viktig at fylkeskommunen legg til rette for at vi tek vare på det vi har, og legg til rette for vidare utvikling av fylket, seier Brandal.

- Fylkespolitikk handlar om viktige delar av kvardagen til folk. Om ungdom som skal velje utdanning, om folk som er avhengige av ferje, buss og gode vegar, og om bedrifter som treng kompetanse og gode vilkår for å utvikle seg. Vi ønskjer eit fylke der folk kan bu, arbeide og skape verdiar, uansett kvar dei bur.

Skal vedta politikken i januar

Møre og Romsdal Venstre skal halde fylkesårsmøte i Ulsteinvik i januar 2027. Der skal partiet finpusse og vedta det politiske programmet for den komande fylkestingsperioden. Programarbeidet vert leia av Frank Stenløs.

- No har vi fått laget på plass. Fram mot januar skal vi sluttføre arbeidet med programmet vi skal gå til val på. Vi ønskjer å møte veljarane med konkrete løysingar, framtidstru og ambisjonar for heile fylket. For oss handlar politikk om å skape moglegheiter for folk, bedrifter og lokalsamfunn, seier Stenløs.

Klare for valkamp

Med kandidatar frå store delar av Møre og Romsdal meiner Venstre at partiet har eit godt utgangspunkt for å nå ut til veljarane i heile fylket.

- Vi går inn i valkampen med optimisme, pågangsmot og eit sterkt ønske om å få større gjennomslag for Venstre sin politikk. Vi skal vise at det er mogleg å kombinere verdiskaping med grøn omstilling, og utvikling med omsorg for både menneske og natur. Vi har mykje bra i Møre og Romsdal, og saman kan vi få til endå meir!

Powered by Labrador CMS