Kommunestyret krev at følgjetenesta for fødande vert vidareført
Kommunestyret i Surnadal har sendt ein uttale til Helse Møre og Romsdal HF om følgjetenesta for fødande i Surnadal kommune. I kommunestyremøtet 29. oktober vart ordføraren beden om å sende brev til helseføretaket på vegner av kommunestyret.
I uttalen krev kommunestyret i Surnadal at vaktordninga med jordmorberedskap og følgjeteneste for fødande vert vidareført slik ho er organisert i dag, også etter 30. november 2026.
Saka om følgjetenesta har skapt eit sterkt engasjement i Surnadal. Dette er ei alvorleg sak som handlar om tryggleik, beredskap og pasientsikkerheit for gravide og fødande kvinner, heiter det i uttalen.
Avstanden frå Surnadal til St. Olavs hospital er over 12 mil, og for mange innbyggjarar er reisevegen endå lengre. Vegstrekningane er til tider krevjande for utrykkingskøyretøy, og vêr- og føreforhold kan gjere transporten både langsamare og meir uforutsigbar. Ei svekking av følgjetenesta vil etter kommunestyret syn innebere auka risiko for dei fødande og leggje ytterlegare press på ambulansetenesta.
Kommunestyret meiner at dei ikkje kan akseptere ei utvikling som set liv og helse i fare. Fødande kvinner må kunne kjenne seg trygge på at dei får nødvendig oppfølging og fagleg støtte gjennom heile fødselsforløpet. Å føde barn er ei av dei viktigaste hendingane i livet, og samfunnet har eit særleg ansvar for å sikre god og trygg omsorg, påpeikar dei.
Dersom dagens ordning vert avvikla, fryktar kommunestyret at fleire kvinner vil måtte leggjast inn på sjukehus før termin av tryggleiksomsyn, at fleire fødslar må planleggjast med igangsetjing, og at risikoen for alvorlege hendingar under transport til sjukehus aukar. Dette vil ikkje berre svekkje tilbodet til dei fødande, men kan også medføre auka kostnader for helseføretaket.
Kommunestyret viser til ein uttale frå Jordmorforbundet NSF, som er lagt ved brevet, og som kommunestyret sluttar seg til. Uttalen synleggjer kor viktig følgjetenesta er som ein del av den kritiske helseinfrastrukturen i distrikta.
Vidare viser kommunetyret til ein vedlagt appellen frå småbarnsmødrer og gravide i Surnadal. Appellen vitnar om den sterke uroa som finst lokalt, og kommunestyret gir si fulle støtte til innhaldet.
Kommunestyret i Surnadal ber på det sterkaste om at dagens vaktordning med jordmorberedskap og følgjeteneste vert vidareført utan endringar.