Borghild fekk heider for 23 år som tillitsvalt
Onsdag kveld var medlemmane i Surnadal demensforening og helselag samla til trivselskveld hos Solveig Haglund på Øyamoen, der rundt 40 medlemar sette kvarandre i stemning med forskjellig underhaldning, fortel Liv Botten som er leiar i foreninga.
På menyen stod det sunn og god gulrotsuppe, medan Karstein Mauset sørga for kulturelt innslag med gitaren. Elles var det gode råd å få for lokale trimmarar, da turnuskandidat fysioterapi Kristin Moe sørga for litt info for å få maks utbytte av trimmen. Vidare stod det årsal med mange gevinstar, og sjølvsagt var det kaffe og kaker.
Men det stod også ei overrasking på programmet. Det var leiar Liv Botten som hadde den i veska si da ho kom. Ho skulle nemleg dele ut diplom og fortenestenål til Borghild Husby Kvande. Borghild har vore med i forskjellige tillitsverv heilt sia 2003, da foreninga vart stifta. Borghild har hatt forskjellige verv i denne perioden. Ho har vore både kasserar, sekretær, styremedlem, og er no ein pådrivar for at Surnadal skal bli eit demensvennleg samfunn. I tillegg har Borghild hatt forskjellige verv i fylkesstyret i denne perioden.
– Borghild vore delaktig i det meste av det vi har halde på med gjennom dei 23 åra – og spesielt glad trur eg du er i Tysdagskaffen vi arrangerer på Frivilligsentralen. No håper vi at du blir med i mange år til, sa Liv i sin tale til Borghild under overrekkinga.
Teksten er lånt frå Todalen.no