LESERINNLEGG:

Marius Helgesen

Nei til datasenter i Surnadal

Publisert

Vi som bur i Surnadal og er glade i bygda vår, ber Surnadal kommunestyre om å avvise reguleringsplanen som legg til rette for datasenter på gnr./bnr. 10/1 og 10/6 ved Surna trafostasjon i Øvre Surnadal, og å gi eit tydeleg nei i høyringssvaret før 9. desember 2026.

Det er sett i gang reguleringsarbeid med formål om å etablere eit område for datasenter og eit område for næringsutvikling. Utbyggjar er Magnora Scale Surnadal AS, og planane viser at det blir lagt til rette for eit stort inngrep i eit område mange av oss opplever som viktig for lokalsamfunn, landskap og vidare utvikling av bygda.

Eit datasenter kan binde opp areal som elles kunne vore brukt til meir varierte og langsiktige næringsformål. For oss som bur her, handlar dette ikkje berre om ein enkelt tomt, men om kva slags utvikling Surnadal skal velje: eit anlegg som kan gi store endringar i bruk av areal, trafikkbilete, støy og lokal karakter, eller ei utvikling som er betre tilpassa bygda og framtidige behov.

Viss kommunen seier ja no, risikerer vi at eit stort og dominerande prosjekt blir låst inn i eit område der mange meiner det er betre å ta vare på rom for andre næringar, grøn struktur og meir skånsam arealbruk. Viss kommunen seier nei, får ein høve til å styre utviklinga i ei retning som tek meir omsyn til dei som bur her, og til kvalitetane som gjer Surnadal til eit godt stad å leve, bolyst.

Vi ber derfor kommunestyret om å bruke høyringsrunden til å sette foten ned for denne reguleringa og sende eit klart signal om at Surnadal ikkje skal binde opp dette området til datasenterformål. Dette er ei avgjerd som bør byggje på langsiktig omsyn til bygda, ikkje berre på ein enkelt utbyggingsidé.

Vi sier nei fordi:

1. Feil plassering. Øvre Surnadal og området rundt Surna trafostasjon er inngangsporten til dalen, med dyrka mark, natur, friluftsliv og nærhet til Surna. Et gigantisk datasenter hører ikke hjemme der.

2. Støy døgnet rundt. Kjøleanlegg fra slike anlegg går 24/7, 365 dager i året. I en trang dal bærer lavfrekvent støy langt - det rammer naboer, beitedyr og livskvalitet.

3. Kraftsluk som gir lite tilbake. Datasentre bruker ekstremt mye strøm og nettkapasitet. Den krafta trenger vi til boliger, landbruk og eksisterende lokal industri - ikke til å eksportere verdier ut av bygda. Det gir svært få varige lokale arbeidsplasser.

4. Grønnvasking. Det loves næringspark som skal bruke overskuddsvarmen. I praksis er det usikkert, ulønnsomt og kan ikke rettferdiggjøre nedbygging av areal og båndlegging av kraft.

5. Vi mister styringa over egen bygd. Dette er ikke lokal utvikling. Det er store, eksterne aktører som vil leie kraft og grunn.

Derfor krever vi:

1.  At Surnadal kommune stopper reguleringsplanen for Surnadal datasenter gnr/bnr 10/1, 10/6.

2.  At det ikke gis dispensasjoner eller omdisponeringer til datasenterformål i Øvre Surnadal.

3.  At det innføres pause for datasenter-etableringer til nasjonale retningslinjer for areal, støy, kraft og miljø er på plass - og at det ved eventuell videre behandling kreves full og uavhengig konsekvensutredning.

Surnadal skal utvikles på egne premisser - med jordbruk, natur og arbeidsplasser vi selv eier.

Marius Helgesen



Powered by Labrador CMS