Allehelgensdag i Øvre Rindal kapell og Rindal kirke

Lysglobe med tente lys
Lysgloben

Allehelgensdag og musikkandakt

Første søndag i november feirer Den Norske kirke Allehelgensdag for å minnast alle helgenar og døde kjære. I Rindal vart det gjort med minnegudsteneste i Øvre Rindal kapell idag, og musikkandakt i Rindal kirke om kvelden

Publisert Sist oppdatert

Øvre Rindal kapell

Sorg finst i like mange utgåver som det finst folk. Og hjå syrgjande ligg også sorga i fleire lag: Det kan vera sorg over å ha mista nokon som gjorde oss godt, sorg over forsoning me ikkje fekk til, eller over livsdraumar som fòr ifrå oss. Det er så mykje me kan ha godt av å leggja ifrå oss hjå han som aldri mistar nokon. (Lene Gåsvatn)

Blomster på ei grav
Gravminne

Preiketekst 

Joh 6,37-40.

«Alle dei som Far gjev meg, kjem til meg, og den som kjem til meg, skal eg så visst ikkje visa bort.

For eg er ikkje komen ned frå himmelen for å gjera det eg sjølv vil, men det han vil, han som sende meg.

Og det han vil, han som sende meg, er at eg ikkje skal mista nokon av alle dei han har gjeve meg, men reisa dei opp på den siste dagen.

For det vil Far min, at kvar den som ser Sonen og trur på han, skal ha evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen.» 

Nærbilde av ei rose rose omgitt av grøne blad.
HÅP: Ei djupraud rose står i blomst som eit bilde på trøst og håp i sorga.

Preike

Kor tung er ei sorg? Spørsmålet er like dumt som å spørje etter kor langt eit tau er.

Eller – for å bruke ord frå då de fekk høyre tilsagnet om kor langt syndene våre reiser når Gud tek dei bort: Så langt som aust er frå vest.

Kor tung er ei sorg? Det kjem seg an på så mykje som korkje eigner seg til måling eller veging.

Nokon av oss er beskjedne og held det meste av tankane våre for oss sjølve, mens andre av oss kan eksponere oss gjennom detaljert skildring av lidelse og smerte – på lik linje med skildring av barnefødslar.

Då blir utsagn av typen «du anar ikkje kva eg har lidd» ståande som noko som gjer oss betydningsfulle. Kan me ikkje gjera oss bemerka på andre måtar, så kan me i alle fall gjera det gjennom å eksponere sorgane våre.

Slikt er til å leva med. Verre blir det når folk med ekstra lidelseskompetanse kjem og liksom skal trøyste: Då blir det berre på liksom. Eg veit inderleg vel korleis du har det, for høyr berre kor hardt livet har fare med meg – osv osv

Slikt blir det ikkje trøyst av. Dette er berre eigeneksponering på bekostning av andre som har det vondt. For ingen av oss veit korleis det er å vera deg, ut over det me må kunne ane og ut over det du fortel sjølv. Er det noko som er sant, så er det den hjelpelause floskelen om at orda ikkje strekk til.

Og er det så sikkert at du vil fortelja alt? Er det så sikkert at det du syrgjer over, berre er det som var godt?

Kan hende har du gått lenge med ei sorg over det som var vondt også? Kan hende syrgjer du vel så mykje over alt som ikkje vart som det skulle – om det så handla om din eigen dumskap og dine eigne svik eller det var andre som ikkje klarte å vera det dei skulle for deg?

Å syrgja over det som vart vondt, over knuste draumar og sjanser som gjekk ifrå oss i det me hadde av relasjonar som sleit oss ut, det blir nesten som ei skam i lag med alle som tilsynelatande syrgjer over å ha mista noko som gjorde livet meir meiningsfullt og godt.

Sorg er så mangt. Og mange av oss bèr livssorg i tillegg til sorga over den som er død.

Med sitt av sår og av draumar som vart knust før dei vart noko av.

Sorg er så mangt. Det vera seg livssorg over forventningar og draumar som aldri vart innfridd. Det vera seg utdanninga det ikkje vart noko av, eit samliv som med fordel kunne fungert betre, born som vender foreldra sine ryggen – rett og slett skuffelsar over andre og kanskje mest av alt over oss sjølve.

Ein kan føle seg både liten og dum og makteslaus av mindre.

Så sorga kan altså ha fleire sider samtidig. Me kan sørge over det, eller den, me har mista.

Og me kan sørge over korleis me brukte dagane våre på å slite kvarandre ut – eller sjølv bli utslitt – på ein måte som slett ikkje vart konstruktiv. Snarare tvert om.

Sorg over det vellukka der døden skilte oss.

Sorg over det mislukka der døden sette stoppar for meir slitasje, men også for ei mogeleg forsoning og gode forsett.

Sorg over døden som vart feil. Eller sorg over livet før døden, som også vart feil.

Korleis finne ut av dette, slik at sorga blir lindra og livet leveleg?

Ingen av oss syrgjer på same måte. Sorg er like ulik som folk er det.

Og likevel: Uansett kor forskjellige me er, kor forskjellig måte me har å vera vellukka eller mislukka på, kor ulike bagasje me har av opplevd og ikkje-opplevd kjærleik, så har Jesus den same omsorgen for oss alle.

Han gjer som kongen vår og snakkar om flokken sin. Men mens kongens flokk er begrensa til den nære kjernefamilie, handlar Jesu flokk om alle han ynskjer å gje livet for – og ikkje minst livet til.

Dette at Jesus gjev livet for oss, det er barnelærdom for dei fleste. Me lærte noko om synd og død som følge av Eva og Adam på epleslang – eller kva dei no enn stjal.

Og me lærte noko om han som kom til jorda for å gjera det godt att gjennom å bli ofra og overgitt til døden for så å beseire både djevel og død då han stod opp att ifrå grava.

Barnelærdommen er ein god bagasje og ballast, berre me vil benytte oss av den. Så kan me òg vera blant dei som kjem til Jesus, for så å oppleva at me ikkje blir støtt bort.

Kva me kan koma til Jesus med? Me kan faktisk koma med noko så enkelt som behov for trøyst. Eller me kan koma med livet vårt, slik det vart.

Inklusive det me måtte ha av behov for å ... uansett alder eller status ... behov for å vera oss sjølve, om me føler oss små eller veike, om me kjenner på skuffelsar eller sinne, eller om det rett og slett er forsoning me treng.

Og det er gjerne forsoning me treng mest av alt: Forsoning med at livet vart som det vart – no når døden har ramma nokon me var glad i og er overlatt til ei sorg som me slit med.

Eller forsoning med at livet vart som det vart – no når døden har ramma nokon me rett og slett sleit med å vera glad i, og er overlatt til ei sorg over at det vart som det vart.

Forsoning handlar om å koma til einigheit med.

Ofte må det skje med vilje til tilgjeving som premiss. Eller plassering av skuld der den høyrer heime, slik at skammen som ikkje er vår heller ikkje skal tynge oss lengre.

Skal me forsone oss med Gud, må me finne oss i å ta imot tilgjevinga han byr oss gjennom Jesus. Skal me forsone oss med oss sjølve, må me like eins finne oss i at skammen ikkje skal hemme oss lengre og heller ta imot oss sjølve med den same nåden som Jesus byr oss.

Det er ein hard kur for den som er van med å fara ille med seg sjølv å heller ta imot seg sjølv med nåde. Men umogeleg er det ikkje. Like lite umogeleg som å sjå håp i Jesu oppstandelse frå døden.

Sjeldan er me tydelegare del-eigarar i dette levande håpet enn når me deler nattverd og høyrer kva me er med på – om enn me ikkje ser det enno: Me er i lag med Guds menigheit i himmelen og syng hans pris med samstemmig jubel.

Ein dag skal det bli. Og enn så lenge held det levane håpet oss … levande.

Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og vera skal èin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

.

Tenning av lys i lysgloben for kvar av dei døde i siste året
Sokneprest Lene Gåsvatn las opp namna på alle som var døde sidan siste Allehelgensdag, og kyrkjeverten tente lys i lysgloben.

Jødisk forbønn

Som forbønn denne Allehelgensdagen vart denne jødiske bønna som er omsett av Svein Ellingsen og Oskar Stein Bjørlykke lesen:

Ei bøn i sorga etter dei vi har mista, og for oss som lever vidare

Gud, du som bur i æva, berre med deg kan eg tala ope om den kjære som du har kalla heim til deg. Du lyttar tolmodig.

Dagar og veker går, andre menneske lever sitt liv som vanleg, man ingen ting kan fylla tomrommet for meg.

Hjelp meg å bera einsemda og i takk minnast alt vi hadde saman. Men lat meg ikkje bli sittande fast i minna, lat meg ta vare på det livsstykket eg enno har att, og dei menneska eg har omkring meg.

Sei til meg at venen min er hos deg i glede og fred, og at også eg eingong kan få koma dit!

(Bøn 168 i Norsk bønebok.)

Ronny Kjøsen song og spela songen 'God morgen, kjære'
Organist Ronny Kjøsen framførte Benny Borgs "God morgen, kjære" til eige akkompagnement som postludium

Musikkandakt i Rindal kirke

For folk flest er det best når ting endrar seg så sakte at me ikkje merkar det. For oss kan det vera både signing og trøyst å finne i strofa «o du som ei forandres, bli hos meg». Me må gjerne vurdere om så er tilfelle, mens berre Han Som Blir er den som veit. (Lene Gåsvatn)

Marit Løfaldli og Ronny Kjøsen
Marit Løfaldli og Ronny Kjøsen stod for dei kunstnariske innslaga under musikkandakten i Rindal kirke.

Andaktstekst

Salme 90,1–4 og 12-14

Ei bøn av gudsmannen Moses.

Herre, du har vore ein bustad for oss
i slekt etter slekt.
Før fjella vart fødde,
før jorda og verda vart til,
frå æve til æve er du, Gud.

Du lèt mennesket bli til støv att
og seier: «Menneskeborn, vend attende!»
For tusen år er i dine auge
som dagen i går då han fór framom,
eller som ei nattevakt.
-
Lær oss å telja våre dagar
så vi kan få visdom i hjartet!

Kom tilbake, Herre! Kor lenge?
Ha medynk med dine tenarar!
Mett oss med di miskunn om morgonen
så vi kan jubla og gleda oss alle våre dagar.

Andakt

Er det berre meg, eller er me kanskje fleire, som set pris på at det meste er som det var og blir som det er. Forandring og reformasjonar vil me helst ikkje ha så mykje av – i alle fall om det ikkje går så sakte at me ikkje merkar det. Eitt år om gongen er igrunn passe fort.

Fleire av dykk som er her, har opplevd ei gjennomgripande forandring gjennom året som gjekk. Det kan vera døden kom sakte og venta, eller den kom brått. Forandring er det uansett. Og denne forandringa kan det vera vanskeleg å finne seg til rette med.

Korkje kvardag eller andre dagar blir som før når dei me hadde å forholde oss til ikkje lengre er her.

Kor lenge varar ei sorg? Og kva er det eigentleg? Me må i alle fall ikkje lure oss til å tru at det einaste legitime rommet for sorg er tida som går mellom død og Allehelgensdag. Og så, når det som liksom er vår Allehelgensdag er over, så er det andre sin tur. Slik er det ikkje.

Det visste også H.F.Lyte som skreiv salmen O bli hos meg i 1847. Sanneleg har han rett i orda om at forandrings skygge følger tro min vei.

Den slags forandring er ikkje god. Den legg skuggar og mørke over vegen og utløyser eit ynskje om å sleppe å gå vidare åleine: O du som ei forandres, bli hos meg.

Me må gjerne vurdere korvidt me blir bønnhøyrt når me ber slik, men det å bedømme det ligg utanfor vår kompetanse. Me har Guds eige ord for at slike bøner alltid blir høyrt.

Så spørst det om me har kapasitet til å be om meir – enn seie ta imot meir? Skal me driste oss til å be om visdom også, når me fyrst er bønnhøyrt av han som lovar å bli hjå oss?

I Salme 90 som me nettopp høyrde, var me med i ei eldgamal bøn om visdom: Lær oss å telle våre dager så vi får visdom i hjertet.

Knut Grønvik har skrive vakkert om dette å telle dagane sine for å få visdom i hjartet, og konklusjonen hans er som følger:

Vi skal løfte dagen varsomt opp og snu den slik at den lyser i sola, vi skal legge den mot øret og lytte til dens hjerteslag, vi skal se den inn i øynene og møte dens blikk og utfordringer.

Når så kvelden kommer, skal vi legge dagen forsiktig og takknemlig til bake i Skaperens hånd.

Der kom vi fra, før en eneste av våre dager var til. Dit går vi når våre dager talte.

Så langt Knut Grønvik. Eg byrja med å seia noko om at ting er best når dei er som dei var og blir som dei er.

Prototypen på dette fenomenet må vera Guds omsorg for oss i Jesus Kristus. Så får det våge seg om me forstår det eller ikkje.

Me får heller takke for, og kanskje også forsone oss med, at det til sjuande og sist kjem seg meir an på han enn på oss.

Det kan hende me kunne ha godt av å gjera såpass at me gjev opp kontrollfreaken i oss og heller gjev oss over til at det er som det var og det blir som det er: Guds nåde til oss i Jesus Kristus forandrar seg ikkje.

Ein kvist med spire på
Kvisten med spire førebur seg på ein ny vår og nytt liv
Spire klar for ny vår
Spiren viser planta si tru på nytt liv neste vår
To veg ei grav
Mange besøker gravene til sine kjære på Allehelgensdagen.
Lys ved gravene
Mange hadde vore bortom kyrkjegarden og tent lys ved gravene til sine kjære.
Minnelunden ved Rindal kirke
Fleire var nok bortom minnelunden ved Rindal kirke denne dagen.
Powered by Labrador CMS