LESERINNLEGG:
Halloween
I radioen i dag forklarte dei at Halloween er for å lære "å leke med døden fordi livet vårt er så trygt og kjedelig".
Det skal altså borna lære ved å feire halloween, "å leke med døden", eller "døden skal vi danse", som ein kjent mann proklamerte.
Det er kanskje ikkje nokon leik eller dans for dei som mista sine i den tragiske togulukka i Spania nettopp, eller alle krigsoffer eller for dei som står på kanten av grava til ein kjær. Men borna skal altså leike med døden med groteske hodeskaller, skjeletter og kostymer.
I staden for skremmende dødningeskrømt, så lær heller borna om Allehelgensdagen som vi no har, med minnet om dei som har gått foran til evig liv, om at vi skal få stå opp att frå døden til eit liv saman med dei i evig glede. Ta borna med til minnegudsteneste og til å tenne lys på grava.
Einy Rendal Elgsæther