«Kulturfestivalen Vårsøg» overtek for Vårsøghelga
Tysdag kveld presenterte styreleiar Ole Magne Ansnes og dagleg leiar Anders Larsen den nye «Kulturfestivalen Vårsøg», som er arvtakaren etter Vårsøghelga i Surnadal.
I tillegg til det nye namnet og logoen, fekk ein også presentert smakebitar frå programmet for den første festivalen, og den aller største nyheita er nok at det blir utekonsert laurdagskvelden i Svartvassparken.
Tek med vårsøg vidare
Kulturfestivalen Vårsøg blir arrangert frå torsdag 20. mai til og med søndag 23. mai neste år.
– Vi skal bygge videre på Vårsøghelga, som vi har arrangert i tretti år, sa styreleiar Ansnes under presentasjonen.
– Det har vært utrolig fing å arbeide med dette det siste halvåret, det er så mye positive folk og da blir vi så glade og motiverte, la han til.
– Vi skal ta vare på det som har vore, men vi skal også sjå framover mot nye generasjonar og videreutvikle det i den nye festivalen, avslutta han introduksjonen av den nye festivalen.
Festivalen skal vere lett å kjenne att
– Festivalen skal være en festival som de kjenner den godt fra før, men også en festival for de som opplever den for første gang, ein festival med eit vidt program med musikk kunst og litteratur, sa dagleg leiar for festivalen, Anders Larsen.
– Det blir ei spennende tid no framover, og vi håper programmet vi skal presentere nå i kveld er noe som faller i smak, både for folk i kommunen, men også for folk frå andre plassar som vil komme hit, la han til.
Vanskeleg tid
Verken Ansnes og Larsen la skjul på at det siste året har vore tøft for laget, både med tanke på økonomien og framtida.
Dei var difor glade for at Surnadal kommune støtta avgjerda dei no har teke om å arrangere festival neste år. Dei takka også for den økonomiske støtta kommunen har bidrege med.
Dei nytta høvet til å takke Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank og SpareBank 1 Nordmøre for den økonomiske støtta.
– Utan denne støtta hadde vi nok ikkje klart å levere på så høgt nivå, konkluderte dei to.
Litt av programmet er klart
Deler av programmet er allereie spikra og vart presentert tysdag kveld. Det heile opnar i Storstuå på Surnadal kulturhus med Trondheim Symfoniorkester og Opera, saman med Sigrid V. Bøe om kvelden torsdag den 20. mai.
Fredag blir det nordmørsmusikk på Surnadal Billag med The Impossible Green og Bjørn Tore Brøske. Brøske har samla over tre hundre nordmørslåter i alle kategoriar.
Laurdag blir det dagkonsert på utescena i Svartvassparken, før det laurdag kveld blir stor utekonsert med Hellbillies laurdag kveld. Kulturfestivalen har leigd inn scene frå Kristiansund til bruk under festivalen.
Søndag blir det mellom anna kyrkjekonsert, men her er ikkje programmet heilt spikra enno.
Det vil under Kulturfestivalen vere kunstutstillingar både på Surnadal Billag og i Finstuå på Surnadal kulturhus.
Billettsalet til ein del av arrangementa er allereie i gang, og fleire programpostar vil kome etter kvart.
Her kan du sjå Facebooksida til Kulturfestivalen Vårsøg.