ANNONSE:

Logoen til Surnadal husflidslag

Kurs i sying av ullbroderi

Surnadal Husflidslag inviterer til KURS I SYING AV ULLBRODERI.

Første kurskveld blir måndag 09.november 2026 kl 19.00.-21.00 i lokalene til Surnadal Husflidslag på Nymoen, Surnadal. Kurset går over 4 kvelder.

På kurset lærer du dei vanlegaste typene sting ved sying i ullstoff og lage ei praktisk syveske. Det blir utdelt materialpakker som inneheld ullstoff, nål og tråd og eit hefte med forklaring av mønster og ulike stingtyper. Kurset krev ikkje kunnskaper i broderiteknikkar. Du møter opp for å lære deg dette. Ta gjerne med ei broderiramme.

På kurset viser vi korleis ein overfører mønster til andre stoff og materialer.

Kurset er eit ledd i Norges Husflidslag sitt prosjekt «Bunadsglede». Ullbroderi pryder mange bunadar. Prosjektet skal auke kunnskapen om bunad og spre entusiasme for tradisjonshåndverk. I dag er slikt broderi ofte bruka som pynt på dongeri og anna stoff. Også til dekorasjon og ved reparasjon av klede.

Kursavgift for medlemmer i Norges Husflidslag / Surnadal Husflidslag: kr. 500,-

Kursavgift for ikkje-medlem kr. 700,-.

Kursleiarar: Mary Moen og Torill Isvik.

Påmelding snarast og innan 06. november 2026, til Mary Moen tlf. 41 33 67 33

Kurset har 11 plasser, så meld deg på, her gjeld førstemann til mølla.

Norges Husflidslag har fått støtte av Sparebankstiftelsen DNB til prosjektet Bunadsglede, og Surnadal Husflidslag får støtte frå Studieforbundet for kultur og tradisjon.

Tre bilder av blå tekstilmapper med blomsterbroderi, sytilbehør og hender som arbeider. Ullbroderi.
Powered by Labrador CMS