Vellukka polshelg i Todalen ungdomshus
Laurdag var ungdomshuset i Todalen fylt med musikk og dans når Skulstuå og Nordmøre Spelemannslag arrangerte dansefest med fokus på polsdans frå Nordmøre i Todalstradisjon.
Det vart dansa og spilt i over ni timar, og stemninga kan oppsummerast med innlegget frå spelemannslaget dagen derpå:
"FOR en fest det var i Todalen i går! Vi hadde to gnistrende parallelle seminar på dagen, med Jorun og Rune Hannem og Kirsty McKinnon som kurset i polsdans, og Torgeir Leivdal lærte vekk tre slåtter fra området; Gammel polsdans etter Jon Harstad, «Den første natta» etter Arne Hindhammer, og Haukaas polsdans.
Takk for samarbeidet, Skulstuå i Todalen - og for all servering og vertskap!
Rikelig med servering fra start til slutt, både fesk-sup og saltkjøtt med tilslørte
bondepiker til dessert.
Vi er strålende fornøyde med oppmøtet og gløder fortsatt innvendig etter en sprakende kursdag med påfølgende hæla-i-taket dansefest».
På dansegolvet var åtte tiår representert! Det kom tilreisande frå nesten heile landet, både aktive folkedansarar og folk som ville lære noko nytt. Frå handverkskulen Hjerleid på Dovre deltok ei gruppe elever med
mykje danseerfaring og Husasnotra og Nordmørsmusea var representert med både dansarar og spelemenn.
Polsdansen er ein skatt vi har i Todalen som vi lyt ta godt vare på og bringe vidare gjennom tida og generasjonane. «No kan du polsdansen, no må du gjera han til din» er ein gjengangar frå instruktør Rune Hannem, og med det peikar han på at ein tradisjon er noko som må haldast levande og i utvikling for å bevarast. Etter helga er rytmen, stega og motivene som gjer dansen så unik spreidd ut i landet med fornøgde festdeltakarar.
Skulstuå ynskjer å takke Spelemannslaget for framifrå samarbeid om arrangementet, noko vi håpar kan bli ein årleg tradisjon. Takk også til Talgø for lån av Gammelfabrikken til spelemannsseminar, og til sponsorane Sparebank 1 Nordmøre, Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank, Talgø og Møre og Romsdal folkemusikklag."
Sitata er henta frå Leif Halse sitt dikt "Pålsdans".