FRAM:

Hvit buss ved en svingete vei med gress, trær og et busskur i bakgrunnen.

Periodebillettane blir endå billegare frå 1. november

Frå 1. november blir alle 30-dagars periodebillettar for buss og hurtigbåt i Møre og Romsdal sett ned med ytterlegare 145 kroner.

Publisert Sist oppdatert

Prisreduksjonen er midlertidig. Du får ikkje refusjon for periodebilletter som er kjøpt før 31. oktober som følge av prisreduksjonen, skriv FRAM i ein epost tysdag.

Tidlegare i år vart prisane på dei 30-dagars periodebillettane reduserte med 100 kroner. Med den nye reduksjonen blir billettane til saman 245 kroner billegare enn dei var før 1. april 2026. Møre og Romsdal fylkeskommune har fått tildelt midlar til dette tiltaket.  

Målet er å gjere det enklare og rimelegare å bruke kollektivtransport i kvardagen. Med lågare pris kan det bli meir attraktivt å reise med buss og hurtigbåt, seier Toril Karlsnes, leiar for marknad i FRAM.

Prisreduksjonen gjeld alle 30-dagars periodebillettar for både buss og hurtigbåt i fylket. 

Bakgrunn for prisreduksjonen:

Derfor blir billettane billegare

Prisreduksjonen er mogleg gjennom ei statleg tilskotsordning til fylkeskommunane.  

Prisreduksjonen er midlertidig

Dei reduserte prisane gjeld så lenge det er midlar igjen i den statlige tilskotsordninga. Derfor kan vi ikkje seie nøyaktig kor lenge prisreduksjonen vil vare.

Powered by Labrador CMS