Hvilepulskonsert i Rindal kirke
Blæst'n blæs til kvile
Torsdagskveldens "Hvilepulskonsert" med musikkorpset Blæst'n i Rindal kirke opna med innmarsj til "Just a closer walk with Thee." Tonen, rytmen og tempo var satt. Vi kunne gynge med. Ingen pause, ingen kaffekø og ingen kollekt, annonserte dirigent Olav Morten Tørset.
Vi fekk ein fin time med musikk frå mange land framført av vårt lokale korps Blæst'n. Ei kvilestund, med inspirerande verbal presentasjon mellom musikkinnslaga.
Både Abbas "Fernando" og "Besame Mucho" hadde røter i Mexico. "De nære ting" av Arne Paasche Aasen brakte oss heim. Benny Borgs bursdagsomtale i visa "Den store dagen" der selskapet vart mindre enn planlagt gjorde oss litt nedstemte, men framføringa vermte.
Det minst kjente stykket var "Hundreåringen," ein jubileumsslått for organisasjonen FolkOrg som er ein organisasjon for folkemusikk og folkedans. Den vart stifta i 2009 som ein samanslutning av Landslaget for Spelemenn (stifta 1923) og Norsk Folkemusikk- og Danselag (stifta 1987).
Øyvind Sandum er opphavsmann, og vår eigen Ronny Kjøsen har arrangert den for korps. Den er også spelt inn av Øra Studio i 2023 der Jo Ranheim også medverka.
Den svenske barnevisa "Trollmors vuggesang" som er like gammal som skribenten, hadde sjølvsagt soloinnslag frå ein av dei mange bassane Kåre Svartbekk har i samlinga si.
"Hvilepulsen" vart avslutta med "Gabriellas song" frå filmen "Så som i himmelen", og Den kjente "Domen" frå The Brazz Brothers med dirigent Olav Morten som solist. Klangfullt, om ikkje som i Nidarosdomen.
Etter puklikums kraftige applaus fekk vi Pharrell Williams sin jublande melodi "Happy." Passende, ikkje fordi vi var glade for at konserten var slutt, men for kvilepulsstunda vi hadde fått.