LESERINNLEGG:
Kvifor fylkestinget?
Svært mange aner ikkje kva fylkeskommunen driver med, og mange ønsker dette forvaltningsnivået lagt ned.
FrP og eg ønsker også fylkeskommunen lagt ned, men før der finnes eit fleirtal for dette på Stortinget, vil eg være med på å styre fylket, rasjonalisere byråkratiet vidare mest mulig og bruke pengane fornuftig.
Er ganske sikker på at dei fleste har fått med seg mi rolle som gruppeleiar for FrP sin fylkestingsgruppe, som har styrt fylket no dei siste åra.
Vi har kutta kraftig i byråkratiet, kutta mykje greinaløyse, bærekraft ditt og hubb datt, rydda opp etter alt for mange år med AP styre, og prioritert dei viktige tjenestene som skule, veg og ferje.
akkurat det FrP gjekk til valg på.
Mange lurer sikkert på kvifor eg er i fylkestinget når eg også set på Stortinget?
det var det faktisk dokke innbyggjarane som sørga for ved siste fylkestingvalg, der eg stod på ein 13. plass på FrP-lista, men vart valgt inn heilt til topps som nr 1.
Dette pga at tusenvis sette eit kryss ved mitt navn, som gjorde at eg gjekk frå 13 til fyrstekandidat pga dei svært mange personstemmene.
Dette sette eg svært stor pris på!
I etterkant må eg nok seie at eg ser kun fordelar med å være i dei posisjonar eg har, der eg har muligheita til å starte saker i fylket, og fremme dette vidare i Stortinget og omvendt, rett og slett være ein enda bedre ombudsmann for innbyggjarane og næringslivet i fylket som har valgt meg.
at ikkje fleire gjer det same, forundrer meg verkeleg.
Ikkje ein kjeft som stemmer på meg i Oslo, derfor er mitt heimfylke det aller viktigaste. Spesielt etter siste Stortingsvalg der FrP fekk heile 32,5% her i fylket, er min lojalitet, til veljarane og næringslivet her i fylket.
Og, Stortinget er styrt frå Oslo, og mitt parti det same.
På Stortinget leverer eg jammen det eg skal, som heilt i toppen av alle på Stortinget i førige periode og no også i ny Stortingsperiode ang aktiviteten på Stortinget, antall framlegg, saker, spørsmål, spørretimen, taletid i Stortingssalen, og politisk engasjement ellers.
Og, jammen trur eg dette gjelder for fylkestinget sitt arbeide også her heime, der eg åpenbart er av dei mest aktive, både politisk i fylket og ikkje minst i media, innlegg osv.
"trur dei fleste jaggu skal stå tidlig opp om morgonen for å kunne slå mitt politiske engasjement "
Eg bryr meg om små og store saker her i fylket, og om saker som er viktige for vanlige folk og næringslivet her oppe.
Derfor har eg enda ein gong takka ja til å stille på fylkestingslista til FrP, og blir gjerne gruppeleiar igjen, dersom dykk veljarar vil dette,
for, eg har bedt om å stå på 12 plass på listeframlegget til FrP til fylkestinget , på "kamp plass" og håpar DU ønsker at det fortsatt er nokon som kan ruske opp i byråkratiet på Molde, talar Møreaksen og anna greinaløyse midt imot, relativt usminka.
Det er DU som veljar som bestemmer kven som kjem inn på fylkestinget, ved å faktisk sette kryss ved dei ein ynskjer inn, og ikkje partia, som gjer dette utan å spørje deg som veljarar.
Det er veljarane som har makta i kommune og fylkestingsvalget, noko det også burde være ang Stortingsvalga.
Bruk stemmeretten din neste haust, og eg er klar for nye år på fylkestinget til det beste for folk flest og næringslivet her i fylket, og til å hjelpe Hans Olav Myklebust til å bli ny fylkesordfører,
-inntil vi får lagt ned heile fylkeskommunen.