Førjulsutstilling hos 3 Venner
Det dreier seg om leire
Rindal Kunstlag opna onsdag ettermiddag årets førjulsutstilling hos 3 Venner. Det var Kathrine Elverum frå Markabygda i Skogn som hadde med seg sin produsjon av keramikk for salg og "fryd for øyet!" Her såg vi resultat av mange dagars arbeid, for Dreieriet Keramikk er ei einpersonsbedrift.
Kathrine Elverum har drive Dreieriet Keramikk i 20 år. I tillegg til produksjon, driv ho også kursvirksomhet.
Alt ho produserer er laga for hand. Med dreiing må du beherske leira og bevegelegheita på den roterande dreieskiva.
- Dei største krukkene blir starta med dreiing og påbygd med leirpølser oppover og glatta ut etterpå, forklarer ho.
Med brenning og glasur får ho fram dei fargane ho ønsker. Vi ser at ho held seg til duse, lyse og mjuke fargar.
Forma må også vere funksjonell. Krukker og vasar er ustyr som har vore bruka langt bakover i historia.
Produkta blir brent både to og tre gonger ved opp til 1240 grader. Det tek tid. Vi håper resultatet oftast blir vellukka.
ANNONSE:
Dette er ei salgsutstilling, og du får ta med deg det du kjøper. Dermed minkar utstillinga for kvar time. Fleire kjøpte med seg fine produkt alt like etter opninga!
.
.