Allsidig og interessant næringslivsprat i Surnadal
Torsdag inviterte SpareBank 1 Nordmøre i samarbeid med Surnadal Næringsforening til næringslivsprat med lunsj på Frich’s Hotell Surnadal.
Her fekk ein i tillegg til god lunsj interessante innlegg ved dagleg leiar i Talgø Møretre AS, Øystein Halle, dagleg leiar i Polaris Nordmøre AS, Odd Inge Kvernberg og dagleg leiar i Kooyman AS, Stian Kooyman.
Rune Solli, som er direktør for bedriftsmarkedet i SpareBank 1 Nordmøre, presenterte til slutt den ferske «Markedstempen» for Nordmøre for ei lydhøyr og interessert forsamling, før Kjersti Eide, antisvindelmottaket i SpareBank 1 Nordmøre avrunda det heile med nokre gode råd for å unngå å bli svindla.
Administrerande direktør i SpareBank 1, saman med leiar i Surnadal Næringsforeing ønskte velkommen til næringslivspraten.
Øystein Halle, dagleg leiar i Talgø Møretre AS
Øystein Halle fortalte at Talgø Møretre AS møter dei same utfordringane som resten av bransjen, med høge renter, auka kostnadar og låg byggeaktivitet.
Dette har likevel ikkje gått utover lønnsemda, kunne han nøgd konstatere.
– Det handler ikke om én genial løsning, det handler om å trekke i samme retning, sa Halle.
Omstilling er viktig
Talgø Møretre AS har arbeidd systematisk med organisering, arbeidsprosessar, produktkvalitet og kundeleveransar. Han understreka at dei tilsette sin kompetanse, lojalitet og vilje til endring er ei viktige styrke.
– Endringsledelse skal ikke være et prosjekt hos oss, men en del av den daglige driften, la han til.
Stadig utvikling
Halle gjorde det klart at omstillingsarbeidet er ein kontinuerleg prosess utan ein sluttdato.
Bedriften må kontinuerlig forbedre drifta for på den møte og styrke konkurransekrafta.
– Vi tjener ikke penger på én genial idé. Vi tjener penger fordi systemet blir litt bedre hver dag, avslutta Halle.
Odd Inge Kvernberg, dagleg leiar i Polaris Nordmøre AS
Polaris Nordmøre vart starta omtrent på dagen for 25 år sidan, kunne Kvernberg fortelje. Starten var ein vennegjeng som likte å køyre snøscooter, og som etter kvart starta med å selje og ta service på snøscooterar.
I 2003 fekk Polaris Nordmøre agentur på Polaris snøscooterar og BK hengarar.
I 2005 flytta dei til Skei, før dei i 2007 etablerte seg på Kvammen, på grensa mellom Surnadal og Rindal kommunar.
I 2016 vart det bygd ny stor butikk, noko som var særs positivt for omsetninga og resultatutviklinga i selskapet
I 2019 fekk dei agentur på KTM MC og i 2026 Husqvarna, noko som utvida både kunde- og produktgruppene. Også salssesongen vart heilårleg med produkt for alle årstider.
Neste år står den nye verkstaden klar. Da blir det mykje betre plass til å få teke servicar og reparasjonar, og da kan ein også tilsette fleire, kunne Kvernberg fortelje.
Stian Kooyman, dagleg leiar i Kooyman AS
Kooyman fortalte at han er utdanna kokk, og har hatt ein ambisjon om å bli Norges beste kokk, kanskje til og med verdas beste kokk, men val han har teke dei siste åra har gjort at han innser at han neppe kjem dit.
Han har etter at han, saman med familien, flytta til Rindal i 2009 hatt mange jern i elden. Han har vore kommunal sakshandsamar i byggesaker, kjøttskjerar, bensinstasjonseigar, drive spisestadar og mykje meir.
Han fortalde også at han var ein skikkeleg datanørd, noko som har resultert i utviklinga av hans gode ven "Kai", ein personleg AI-assistent som etter kvart har blitt til stor hjelp i kvardagen for Kooyman.
Av dei tinga Kai kan gjere, er å svare på e-postar, sende ut pristilbod, sende faktura, booke møter og andre avtalar, planlegge dagen og mykje meir.
Etter Kooyman sitt reknestykke, så har Kai allereie automatisert daglege oppgåver som det før tok mange timar å få gjort.
Kai var litt beskjeden under bedriftspraten, så han var rett og slett ikkje samarbeidsvillig, så vi fekk ikkje helse skikkeleg på han, men det reknar vi med at vi får ved eit seinare høve.
Kooyman er ein engasjert og travel mann med ein over snittet variert kvardag, kan vi fastslå etter å ha høyrt innlegget hans.
Rune Solli, direktør bedriftsmarkedet i SpareBank 1 Nordmøre
Solli presenterte den rykande ferske «Markedstempen» for vår region. Hovudtrekka i «Markedstempen» kan oppsummerast slik:
- Verdsøkonomien held seg stabil, sjølv om det er uro i verda.
- Norsk økonomi er prega av moderat vekst og høg innanlandsk prisvekst.
- 40 prosent av næringslivet i Møre og Romsdal oppgjev at dei har svarkare økonomisk utvikling enn før, noko som gjer dei meir forsiktige.
- Utviklinga på Nordmøre er den svakeste og har dei lågaste forventningane av dei tre områda i fylket.
- Bygg og anlegg og bedrifter med verksemd knytt til eksport har klart lågare forventningar, medan større bedrifter, industri og landbruk er meir positive.
- Hushaldningane sparer meir, men auka rente- og levekostnadar kan, særleg for unge vaksne opplevast som redusert økonomisk handlingsrom.
- Risikoen for cyberangrep er høg, samtidig som mange mindre bedrifter manglar gjennomførte eller planlagde sikkerheitstiltak.
Kjersti Eide, antisvindelmottaket i SpareBank 1 Nordmøre
Eide fortalte at det er mange som blir forsøkt svindla. Hovudbodskapen hennar var at ein ikkje bør trykke på lenker som verkar mistenkeleg.
Er ein først så uheldig at ein har blitt svindla, er det viktig å ta kontakt med banken så raskt som mogleg. Av og til greier dei å avverje svindelen.
Banken opplever at mange tykkjer det er flaut å snakke om det å ha bli svindla, og difor ikkje tek kontakt. Hennar klare oppmoding er å ta kontakt så raskt som mogleg, for det kan det vere lettare å stoppe svindelen og vere med å hindre at andre også blir svindla.