Fire voksne poserer på en parkeringsplass ved sjøen, med fjell og et moderne kontorbygg bak.
Mona Rita Brøske Rønning og Nils Petter Tonning fremst blir kumulerte på Frp si liste. Bak Hans Torslett og Johs. Vaag i nominasjonskomiteen.

Tonning og Rønning på topp for Fremskrittspartiet i Surnadal

Under eit pressetreff på Cafe Somti torsdag ettermiddag, vart Nils Petter Tonning og Mona Rita Rønning presentert som Fremskrittspartiet i Surnadal kommune sine to toppkandidatane til kommunevalet neste haust.

Publisert

Hovedbilde: Nils Petter Tonning og Mona Rita Rønning 

Både Nils Petter og Mona Rita er sett opp på kumulert plass, og mykje skal nok gå galt for at dei båe ikkje blir valt inn i kommunestyret under neste val.  

Sist i oktober gjorde Mona Rita Rønning det klart at ho har meldt seg ut av Senterpartiet, eit parti ho har vore medlem av i mange år.  

Summen av mange faktorar førte til utmelding 

- At eg meldte meg ut av Senterpartiet var eit resultat av mange faktorar, men at vi kom inn på Robek, og med det får redusert økonomisk handlingsrom var nok den avgjerande faktoren, seier Mona Rita.  

Etter at det vart kjent at Mona Rita hadde meldt seg ut , har det vore mange spekulasjonar om ho ville slutte i politikken eller ikkje? 

- Eg har eit sterkt engasjement for sårbare grupper, eldre og for frivilligheita, noko som gjorde at fann ut at eg likevel ville fortsette i politikken, seier Mona Rita.    

Fast medlem i kommunestyret 

Mona Rita er fast kommunestyrerepresentant, fast medlem i Hovudutval for Tenesteutvikling (HTU) og leiar i Rådet for personar med funksjonsnedsetting i Surnadal kommune. Ho er også kommunalt valt representant leiar i Rådet for Surnadal Frivilligsentral og leiar i Brukarutvalet ved Surnadal sjukeheim.  

Ho vil fram til valet neste haust ivareta verva sine som uavhengig representant. 

Nils Petter har gjennom fleire periodar vore fast medlem i kommunestyret i Surnadal kommune for Fremskrittspartiet.  

Framleis politisk engasjert 

Det har etter at nyheita om at Mona Rita har meldt seg ut av Senterpartiet vore mange spekulasjonar om den politiske framtida hennar.  

No er dette avklart, og det var ei skikkeleg motivert Mona Rita som saman med Nils Petter møtte pressa på Cafe Somte torsdag ettermiddag.  

- Eg har verkeleg trua på denne vallista. Her er det ei god blanding av «rutine» og «førstereis», og det er god spreiing både alders- og yrkesmessig og ikkje minst geografisk, avslutta Mona Rita.  

 

Powered by Labrador CMS