Fokus på næringsliv i bygdene

Mildrid Kattem Aune, Hege Gåsvand, Ingrid Kvam Moen og Maren Grøthe utafor bedriftene Rindalslist og A. Kvam.
På det største industriområdet i Rindal møtte stortingsrepresentant Maren Grøthe (t.h.) Ingrid Kvam Moen og Hege Gåsvand fra næringslivet og ordførar Mildrid Kattem Aune

- Dette må dokk få Høgre med på

Senterpartiets energipolitiske talsperson Maren Grøthe var mandag ettermiddag på besøk i Rindal. Der hadde ho eit kort møte med ordførar Mildrid Kattem Aune, næringslivet representert av Ingrid Kvam Moen frå Rindal Næringsforum og A. Kvam, og Hege Gåsvand frå Rindalslist og Rindalshytter. 

Publisert

Dieselprisar og strømpriser, avgifter og formueskatt var hovudtema i samtalen.

Ingrid Kvam Moen og Hege Gåsvand
Ingrid Kvam Moen og Hege Gåsvand hadde klare meiningar som dei fekk uttrykke til stortingsrepresentanten.

Drivstoffprisane vart sentrale i samtalen. Dei kjem på toppen av all auken i utgiftene bedriftene har fått. Varer er dyrare i innkjøp, lønnene aukar, strømprisen stig, alt stig i pris.

- Det er forbrukarane som til slutt må betale prisen. Det reduserer salget, ein vond sirkel, sa næringslivsrepresentantane.

Redusert salg kan føre til konkursar og avvikling av drifta. Strøm og drivstoff er ikkje luksus for bedrifter. Utan overskott har ikkje bedriftene  kapital til vedlikehald, utvikling og investeringar.

Formueskatten kjem i tillegg til det som her er lista opp. Det armar bedrifta å måtte ta ut utbytte for å betale skatt. Misunning må ikkje styre skattepolitikken.

Maren Grøthe og Mildrid Kattem Aune.
Stortingsrepresentant Maren Grøthe fekk med seg både støtte og mange innspel frå ordførar Mildrid Kattem Aune og representantane frå næringslivet.

Møtet er på det største industriområdet i Rindal med mange arbeidsplassar og bedrifter. Aktiviteten der gir store ringverknader både i Rindal og nabobygdene.

Møteplassen Rindalslist er ei bedrift som har kundar frå Finnmark til Bergen og Sørlandet. Da er transportutgiftene store, og Gåsvand antyda ei auka utgift på bortimot 2 millionar for eit heilt år.  Sluttbrukaren får til slutt rekninga. Resultat - redusert salg.

Dei lokale representantane var redde for at dei store bedriftene når fram med argumentasjonen sin. Små og mellomstore bedrifter kan lett bli glømte.

- Det er slik vi har her i bygdenorge, seier Gåsvand. 

Kvam legg til at rammevilkåra for desse bedriftene ofte blir glømt.

Det er kamp om alle anbud, og ofte er dei så store og kompliserte at ein berre må håpe på små underentrepriser.

Maren Grøthe lytter
Stortingsrepresentant Maren Grøthe lytta oppmerksomt til kva representantane frå næringslivet i Rindal meinte

Drivstoffprisar kom ein stadig tilbake til. Det er vanskeleg å forstå kvifor dieselprisen er høgast der ein er mest avhengig av transport både av varer inn og ut, - og av folk.

El-biler er enklare og rimelegare å gå over til på personmarkedet enn på næringstransport. Ein må ikkje glømme utfordringa drivstoffprisane er for næringslivet.

Derfor var dei to representantane frå det lokale næringslivet svært skuffa over at Høgre ikkje ville vere med på å forlenge avgiftskuttet på diesel tidlegare i haust. Avgiftskutt er ein viktig redningsplanke for mange bygdenæringar no.

- Dette må dokk få Høgre med på, var ei klar oppfordring  til senterpartirepresentanten! 

Ho vart også mint om slagordet "Levande bygder." Det forpliktar. 

Norgespris for bedrifter like eins som for hushaldningar har vore drøfta, men konklusjonen i statsbudsjettet for 2027 er at ordninga ikkje bør innførast. Mellom anna blir EØS-reglane om statsstøtte trekte fram. Dette fall ikkje i smak hos møtet i Rindal.

Industriområdet Bjergen
Industriområdet i Bjergen i Rindal har mange bedrifter.
Powered by Labrador CMS