–Brua skal stå i 100 år Jostein Fiske og Håvard Meisingset skreiv eit brev til byggleiar Morten Ugelstad i vår. Gutane hadde så lyst til å vera dei første som sykla over nybrua i Øvre Surnadal. Måndag fekk dei ønsket sitt oppfylt.
- Vi er to niåringar som bur på kvar vår side av Follabrua Slik startar brevet Håvard Meisingset og Jostein Fiske gav til brubyggarane frå B&B Entreprenør i Øvre Surnadal. Gutane er ivrige tilskodarar til brubygginga, og dei lurte på kven som eigentleg skal få gå først over brua når ho er ferdig. Kanskje dei får det?