Håvard Meisingset og Jostein Fiske

- Vi er to niåringar som bur på kvar vår side av Follabrua

Slik startar brevet Håvard Meisingset og Jostein Fiske gav til brubyggarane frå B&B Entreprenør i Øvre Surnadal. Gutane er ivrige tilskodarar til brubygginga, og dei lurte på kven som eigentleg skal få gå først over brua når ho er ferdig. Kanskje dei får det?

Publisert Sist oppdatert

Håvard og Jostein har følgt med på brubygginga sidan den starta i november i fjor, spesielt stas var det å sjå da A. Kvam kom med dei store stålbjelkane. Da var gutane ved brua og såg på da bjelkane vart heisa på plass av store kranar.

Ein ettermiddag dei var heime med Håvard snakka dei to gutane om kva som kom til å skje den dagen brua var ferdig. Kjem det til å bli stor fest, tru? Og kven får gå over brua først? Korleis skulle dei finne ut av dette? "Skriv eit brev, da", foreslo mamma Gunnhild. Gutane var ikkje tunge å be. Etter middagen sette dei seg ned og skreiv brev til "bru-sjefane".

Gutane gjekk til brua der dei fann Gunnar Halgunset som fekk brevet med dei. Gunnar leverte brevet vidare til byggleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Morten Ugelstad.

– Det var fole kjekt! Det er ikkje ofte ein får slike brev, seier Morten og smiler.

Morten ringte til mødrene og spurte om gutane ville komme på omvising, noko dei sjølvsagt takka ja til.

Onsdag var den store dagen, gutane var veldig spente, men det tok ikkje lang tid før dei begynte å snakke og stille spørsmål til Morten.

Rune Skoglie, kontrollingeniør i Møre og Romsdal fylkeskommune, Gunnar Halgunset, arbeidsformann, Morten Ugelstad, byggleiar i Møre og Romsdag fylkeskommune, Håvard Meisingset og Jostein Fiske.
Jostein i mobilkrana
Morten var kjempegod til å forklare, sa gutane etter omvisinga.

– Dei var flinke til å spørje, seier Morten. To tolmodige og nysgjerrige gutar. Dei var ikkje berre opptekne av dei store maskinane, men stilte også spørsmål om konstruksjonen og stålbjelkane.

– Håvard og Jostein minner meg om meg sjølv da eg var på den alderen, seier Morten. Så det er muleg det er to framtidige brubyggarar vi har hatt på besøk i dag.

Kven som blir dei første til å gå over brua fekk ikkje gutane svar på, det er ikkje bestemt enno. Men at dei kjem til å vera der på opninga, det er heilt sikkert.

Powered by Labrador CMS