ANNONSE:
Gudsteneste i Rindal
Sundag 22. november blir det gudsteneste med nattverd i Rindal kyrkje kl. 11. Dette er siste sundag i kyrkjeåret, også kalla Kristi kongedag og Domssundag. Preiketeksta er frå Matteus 25, og handlar om korleis hyrdingen skil sauer og geiter og seier det tydeleg nok: Det de gjorde mot ein av desse mine minste, det gjorde de mot meg. Forsømmingane får også sitt: Det de ikkje gjorde mot ein av desse mine minste, det gjorde de heller ikkje for meg. Vel møtt til alle!