LESERINNLEGG:
Lys i mørke
Julelys eller vinterlys? Dekorbelysninga i Skei sentrum handlar ikkje om avkristning av jula – uansett kva ein kallar den. Reint estetisk kan den snarare sjåast, bokstaveleg tala, i lys av ei vedvarande Disneyfisering og kommersialisering av jula, sterkt inspirert av amerikansk populærkultur. Så kan ein like det eller ikkje. Det er ikkje meint som kritikk av belysninga. Lys og vakker dekor i novembermørket er eit kjærkomme initiativ. Men det er interessant å reflektere over kva slags juletradisjonar vi eigentleg snakkar om.
Det er forunderleg kor mykje ideologisk sprengkraft nokre lysande reinsdyr og julekuler kan få. I kommentarfelta rasar debatten om avkristning og avnasjonalisering av jula, med alvorlege skuldingar og til dels stygg språkbruk. Alt fordi nokon sa vinterlys. Men kva er det eigentleg vi forsvarar når vi går til kamp for ordet julelys?
Og la det vere klart: Handelsstanden lever godt med dei norske juletradisjonane. Julehandelen handlar nettopp om imøtekomme følelsar og forventningar knytte til desse tradisjonane. Her er englar, stjerner, julenek og nissar, naturinspirert jul, rosa jul, kvit jul og raud jul – og jula kjem stadig tidlegare.
Alle verkemiddel blir tatt i bruk for å skape julestemning, trivsel og handel. I heile den vestlege verda.
Verda og vinteren har blitt meir uføreseielege, og mørkt er det uansett no i november. Enten vi kallar det seinhaust, adventstid frå neste søndag eller førjulstid når vi kjem til desember. Så lyssett vi altså sentrum no i novembermørket og lar reinsdyr og julekuler og stjerner lyse ut januar. For å skape trivsel og handel og lyse opp i vintermørket.
Så var nokon litt uheldig med formuleringane rundt bruken av ordet vinterlys og omsynet til ikkje å støyte nokon. Fordi, slik eg har forstått det, at lyssettinga skulle stå så lenge, både før og etter jul. Og så trur enkelte at det var ikkje-kristne som skulle skånast for den «norske» jula. At bruken av ordet vinterlys kunne tolkast som eit uttrykk for eit ønske om å framstille jula som livssynsnøytral.
Halloen – denne lyssettinga er verken livssynsnøytral eller nøytral på noko anna vis – den er reinspikka pynt, full av julemotiv og alt som har med symbol på norske juletradisjonar, slik dei har utvikla seg fram til i dag. Den er ikkje noko livssynspolitisk prosjekt.
Det er kanskje heller det vage minnet om den stille jula på ein einstaka gard med heimelaga julemat og eigenstøpte juleys som blir støytt. Eller minnet om den fattige jula med ei inderleg bøn om å ikkje svelte eller frys i hjel denne vinteren, og håpet som låg i ei stille julekrybbe. Kanskje er det desse førestillingane om jula som blir utfordra av den kommersialiserte og blinkande jula som kjem stadig tidlegare på døra.
Så vart det sagt vinterlys. Enn det.
Og så blir det ein debatt om bruken av dette eine ordet når debatten kanskje burde handle om noko heilt anna. Om kva jula har blitt. Kvifor vi feirar jul. Om å løfte blikket litt og sjå at arven frå Coca-Cola og Disney, og utviklinga av jula til ein kjøpefest, har fint lite med omsynet til andre religionar å gjere.
Vi kan gjerne kalle det julelys no i november, men vil jula sin eigentlege bodskap lyse klårare av det?
Det lurar eg på.
Anne Lise With Vullum