Møte i formannskapet med økonomi- og handlingsplan
Tysdag hadde formannskapet i Surnadal møte. Dei behandla mellom anna saka om økonomi - og handlingsplan for 2027 - 2030, som no blir lagt ut på høring.
Sakslista og saksdokumenta til møtet finn du på Surnadal kommune si heimeside.
Kommunedirektør Lars Inge Kvande sa i si orientering at kommunen no har fått ein sluttdato for dei arkeologiske utgravingane på tomta til helsehuset. Arbeidet med utgravingar skal vere ferdig seinast 14. mai. Dette er ifølge kommunedirektøren svært viktig og nødvendig å ha klart før signering av kontrakten for helsehus-prosjektet.
Formannskapet behandla saka om økonomi - og handlingsplan 2027 - 2030.
Dette er kommunedirektøren si innstilling:
1) Kommunestyret vedtek at det med heimel i lov om eigedomsskatt §2 og §3 bokstav a, at det for 2027 skal skrivast ut eigedomsskatt på alle faste eigedomar i heile kommunen.
a) Den generelle satsen for eigedomsskatt settes i 2027 til 7 promille av gjeldande eigedomsskattetakst, jf Eigedomsskattelova §11. For bustader og fritidseigedomar settes skattetaksen til 4 promille (esktl. §12a).
b) I medhald av eigedomsskattlova § 7 blir eigedommar som er nevnt i § 7 bokstavene a og b er fritatt for eigedomsskatt. Liste over eigedomane som får fritak etter § 7 a og b, er vedlagt i saka.
c) Eigedomsskatten skrives ut i fire terminer, og blir krevd inn saman med kommunale avgifter, jamfør eigedomsskattelova §25.
d) Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt skal kommunen vedtatte eigedomsskattevedtekter benyttast
e) Eigedomsskatteinntekta for 2027 blir fullt ut innarbeidd i driftsbudsjettet.
2) Kommunestyret vedtek satsar for brukerbetaling/ gebyr/ avgifter/ husleige mv, slik det er framstilt under området «gebyr – og prisliste» i det digitale dokumentet.
3) Kommunestyret vedtek driftsbudsjettet for 2027 slik det er framstilt i Løyvingskjema § 5-4, første ledd, i tråd med det vedlagte digitale dokumentet.
4) Kommunestyret vedtek driftsbudsjettet for 2027 med netto driftsrammer til enhetene, slik det er framstilt i løyvingskjema §5 -4, andre ledd, i tråd med det vedlagte digitale dokumentet.
5) Kommunestyret vedtek investeringsbudsjettet for 2027 slik det er framstilt i løyvingskjema § 5- 5, første ledd, i tråd med det vedlagte digitale dokumentet.
6) Kommunestyret vedtek investeringsbudsjettet med forslag til investeringsprosjekt for 2027 slik det er framstilt i løyvingskjema § 5-5, andre ledd, i tråd med det vedlagte digitale dokumentet.
7) Kommunestyret tek «oppdrag» og tekstdel lagt til kvart tenesteområde til orientering.
8) Kommunestyret vedtek eit låneopptak på inntil kr. 140 000 000 for 2027, og eit låneopptak på kr. 5 mill til videreutlån (startlån).
9) Kommunestyret gir kommunedirektør fullmakt til å:
a) gjennomføre låneopptak, og evnt inngå avtale om kortsiktig driftskreditt eller likviditetslån på inntill 50 mill kroner i løpet av året ved behov, inkl godkjenning av lånevilkår etter gjeldande økonomireglement.
b) inngå langsiktige leigeavtalar, under føresetnad av at dei økonomiske forpliktingane ligg innanfor vedtekne budsjettrammer.
c) foreta budsjettregulering for fordeling av avsette lønsmidlar i tråd med endeleg lønsoppgjer for 2027.
d) gjere redaksjonelle endringar i tråd med endeleg vedtak i drifts – og investeringsbudsjettet.
-
Annett Ranes (Ap) la fram eit tilleggsforslag om eit nytt punkt 10:
Det er ei forventning om at tiltak gjennom "Surnadal inn i framtida" viser ei klar vridning som er tilpassa den demografiske utviklinga kommunen kjem til å ha og kommunen sine KOSTRA-tal. Det må komme tydeleg fram at intensjonen i tidlegare politiske vedtak blir ivaretatt. Vidare skal tiltak kunne konkretiserast med virkning for regnskapet også i 2027.
Dette forslaget vart vedteke med 5 mot 4 stemmer.
-
Ole Joar Bruset (H) la fram fleire tilleggsforslag.
Ikkje tilby språkdeling i ungdomsskolen med mindre det kjem krav om det frå meir enn 10 elevar innan ein gitt frist.
Dette forslaget vart einstemmig vedteke.Effekt kutt skole flyttast frå 2028 til hausten 2027. Halvårseffekt 2,5 millionar kroner.
Dette forslaget vart vedteke med 5 mot 4 stemmer.Ta ut Vollan frå investeringsplan fram til heilheitleg plan og finansiering for Vollan er på plass.
Dette forslaget fall med 6 stemmer mot og 3 stemmer for.Innføre gebyr i barnehage og SFO ved manglande oppmøte i feriar og planleggingsdagar.
Dette forslaget vart einstemmig vedteke.Auke potten startlån frå 5 millionar kroner til 8 millionar. Tilbodet skal også gjerast bedre kjent.
Dette forslaget vart einstemmig vedteke.Bygging av vaskehall tas ut av investeringsbudsjettet.
Dette forslaget vart einstemmig vedteke.
Kommunedirektøren si innstilling vart vedteke av formannskapet, inkludert dei 6 tilleggsforslaga som fekk fleirtal. Framlegget blir no lagt ut på høyring. Kommunestyret gjer endeleg vedtak 17. desember 2026.
-
I saka om støtte til Skarmo Verksted og Snekkeri innstilte kommunedirektøren på å ikkje gi støtte frå næringsfondet, men Bjørg Aa (H) la fram forslag om å bevilge 30.000 kroner, og dette vart einstemmig vedteke.
-
Sjå heile møtet i opptak på Kommune-TV: