Høner

Fugleinfluensa påvist i kommersielle fjørfehald

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal minner om at det er viktig med godt smittevern for alle som har tamme fuglar.

Dette skriv Statsforvaltaren i eit informasjonsbrev onsdag 18. november:

Som kjent er det dei siste dagane påvist fugleinfluensa i fleire kommersielle fjørfehald. Det er så langt ikkje påvist i fjørfehald i Møre og Romsdal, men Veterinærinstituttet har nyleg påvist fugleinfluensa på ein villfugl i Ålesund. Vi minner derfor om at godt smittevern er viktig for alle som har tamme fuglar – både kommersielt og som hobby. Hobbyhald med fuglar må registrerast hos Mattilynet.

Oppdatert status om smittesituasjonen, korleis du melder frå om mistanke om fugleinfluensa, råd til fugleeigarar og svar på vanlige spørsmål om sjuke og døde ville fuglar finn du på Mattilsynet sine nettsider om fugleinfluensa.

Powered by Labrador CMS