ANNONSE:

Barn og en voksen tar opp poteter på forsiden av «Du mitt Nordmøre 2026».
Framsida til Du Mitt Nordmøre 2026. Potetopptaking i Bådalen.

"Du mitt Nordmøre" 2026

Innhaldet i årets " Du mitt Nordmøre" er variert og har noko frå alle deler av Nordmøre.

Spesielt kan nemnes den interessante teksten om husmannsplassar i Rindal av Norunn Holten.

Historisk svart-hvitt bilde av en eldre trebygning med fjell og skog i bakgrunnen.
Gammelhusa på Øvre Brubakken

Regjeringa har i år bestemt at 2026 skal være Totalforsvaråret. Fleire av tekstane handler difor om beredskap på ulike måtar, eksempelvis "Beredskap og kjøkenhage" av Ivarna Bjørshol. 

Nokre av tekstane er om folketradisjon, her finn vi blant anna "Polsdans fra Notrdmøre i Todalstradisjon", skreve av Dordi Jorunn Halle.

Norunn Holten har og skreve "på ski til himmelen"; en himmelsk skirunde i fjellsida til Strengen i Surnadal. 

Det er nytt format på boka i år, litt større enn før, og betre plass til bilde.

Boka er formgitt av Språksmia i Valldal. Prisen er også ny, 280 kroner.

Dersom folk ønsker å kjøpe ho, men ikkje finn ho, kan dei sende epost til aukan08gmail.com, så kjem boka i posten.

Hvitt passasjerskip på rolig fjord med fjell og skyer i bakgrunnen.
Dronning Sonja drar frå Kvernes i kongeskipet etter at ho hadde vore på omvising i stavkyrkja den 14. august i år.
Powered by Labrador CMS