Gruppe festkledde personer poserer med blomsterbuketter i et innendørs selskapslokale.
Topp 10 på Senterpartiet si fylkestingsliste.

Ny topptrio klar for Senterpartiet i Møre og Romsdal

Per Ivar Lied, Ane Ingvild Støen Mittet og Svein Roksvåg er valde som Senterpartiet sine tre fremste kandidatar til fylkestingsvalet i 2027

Nominasjonsmøtet vedtok laurdag partiet si fylkestingsliste.

Per Ivar Lied vart vald som førstekandidat ved akklamasjon. Ane Ingvild Støen Mittet vart vald på andreplass med 76 mot 4 røyster, medan Svein Roksvåg vart vald på tredjeplass med 59 røyster, framfor Dordi Boksasp Lerum og Henrik Stensønes.

Tre personer står sammen med blomsterbuketter foran en mørk gardin.
Per Ivar Lied, Ane Ingvild Støen Mittet og Svein Roksvåg er Senterpartiets topptrio i Møre og Romsdal.

Dei tre toppkandidatane løfta under nominasjonsmøtet fram fleire av sakene Senterpartiet vil prioritere i fylkespolitikken.

– Vi skal kjempe for eit Møre og Romsdal der folk har gode tenester og moglegheiter uansett kvar i fylket dei bur. Vi må sikre dei vidaregåande skulane våre, satse på yrkesfag og få eit samferdselstilbod folk faktisk har råd til å bruke. Eg er klar for å stå i front for Senterpartiet og jobbe for konkrete resultat for heile fylket, seier Per Ivar Lied.

Ane Ingvild Støen Mittet viste til bakgrunnen sin frå gardsdrift, forvaltning, forsking og organisasjonsarbeid. Ho la særleg vekt på rolla fylkeskommunen har som regional utviklingsaktør, og kor viktig det er å utvikle heile Møre og Romsdal.

– Fylkeskommunen skal vere ei drivkraft for utvikling i heile Møre og Romsdal. Vi må sjå moglegheitene som finst i lokalsamfunna våre og bruke både kunnskap, næringsliv og naturressursar til å skape vekst og framtidstru. Eg gler meg til å bidra med erfaringa mi frå landbruk, forvaltning, forsking og organisasjonsarbeid, seier Ane Ingvild Støen Mittet.

Svein Roksvåg trekte fram samferdsel, eksportnæringar, fiskeri, havbruk og landbruk som sentrale saker. Han understreka òg kor viktig det er å ha god kjennskap til heile fylket og tett kontakt med nasjonale styresmakter.

– Møre og Romsdal er eit av dei viktigaste verdiskapingsfylka i landet. Fiskeri, havbruk, landbruk og eksportnæringane våre treng gode rammevilkår og ein samferdselspolitikk som bind fylket saman. Vi skal vere ei tydeleg røyst for heile Møre og Romsdal, både regionalt og inn mot nasjonale styresmakter, seier Svein Roksvåg.

Topp 10 på Senterpartiet si fylkestingsliste:

1. Per Ivar Lied
2. Ane Ingvild Støen Mittet
3. Svein Roksvåg
4. Lisa Alvestad
5. Sevrin Dahle Sæterøy
6. Henrik Stensønes
7. Therese Jemtegård Moen
8. Dordi Boksasp Lerum
9. Anne Kathrine Notøy
10. Silje Beate Gulbrandsen Holten

Heile fylkestingslista vart til slutt vedteken samla av nominasjonsmøtet.

Powered by Labrador CMS