Familiegudsteneste i Rindal kirke

4-åringane med Min Kirkebok
4-åringane med 4-årsboka. Min Kirkebok med arbeidshefte. - Må sjå kva som står i den!

4-årsbok og sauleiting for 4-åringane

Fire-åringane og barna var i sentrum under gudstenesta i Rindal kirke i dag, - og sauer og lam også! Både i preiketekst og kirkehus.

Publisert
4-åringane kom inn med roser til altaret.
Lene prest leda 4-åringane inn i kirka. Dei bar ei rose kvar til altaret.
Rosene skal på altaret
4-åringane leverer rosene til Lene prest som set dei i vase på altaret.
Blomster på altaret
Blomstrane er på plass på altaret.
Barnekor på tre jenter song to songar.
Barnekoret stilte med tre songarar, men klarte seg fint. Dei håper sikkert at fleire vil vere med etter kvart.

Preiketeksta var frå Lukas evangelium kap. 15, vers 1-7

Alle tollerne og synderne holdt seg nær til Jesus for å høre ham. Men fariseerne og de skriftlærde murret og sa seg imellom: "Denne mannen tar imot syndere og spiser sammen med dem." Da fortalte han dem denne lignelsen:

"Dersom en av dere eier hundre sauer og mister én av dem, lar han ikke da de nittini være igjen ute i ødemarken og leter etter den som er kommet bort, til han finner den?

Og når han har funnet den, blir han glad og legger den på skuldrene sine. Straks han kommer hjem, kaller han sammen venner og naboer og sier til dem:

"Gled dere med meg, for jeg har funnet igjen den sauen som var kommet bort.’"

Jeg sier dere: På samme måte blir det større glede i himmelen over én synder som vender om, enn over nittini rettferdige som ikke trenger omvendelse."

Trusopplærar Elsa Jensvold hadde preika over denne teksta i lag med 4-åringar og fleire barn.

Temaet var Guds kjærleik og omsorg.

Med omsorg for sauer møtte ho ekspertise mellom barna. Flytting av sauer var dei kjente med.

- Kvifor bruka dei ikkje traktorvogn, var det ein som undra seg.

Trusopplærar Elsa Jensvold nytta flanellograf under preika.
Trusopplærar Elsa Jensvold nytta flanellograf under preika.

Barna fekk også prøve seg som sauleitarar, og eg trur dei fann alle lamma som har rota seg bort baki kirka.

Sauleiting bak i kirka. Kvar er lamma?
Sauleiting - kvar er lamma?
Barna står i ring og syng
Elsa Jensvold leda barna i songen "Jeg er trygg hos deg"

Etter preika var det 4-åringane sin tur fram i kirka og få seg "Min kirkebok" med arbeidsbok. 

Etter gudstenesta var det kirkesaft og kirkekaffe med heimebakst, til og med bakels og graut!

.

Konfirmantane tente altarlysa.
Konfirmantane tente altarlysa før gudstenesta.

.

Konfirmant som sette i gang kyrkjeklokkene
Alvorlegaste jobben som kyrkjetenarar var å sette i gang kyrkjeklokkene klokka fem på elleve!
Konfirmantar som skjermstyrarar
Konfirmantane Lovise Jacobsen, Solvår Jacobsen og Tiril Jonli-Anshus var skjermstyrarar.
Konfirmantar som skjermstyrarar
Dagens skjermstyrarar hadde full kotroll.

..

Ronny veg flygelet, men trøotgelet er rett bak han.
Organist Ronny Kjøsen veksla på å bruke flygelet og trøorgelet. Han akkompagnerte også barnekoret.
Organisten ved trøorgelet
Organisten ved trøorgelet
Saueprat under kirkekaffen
Under kirkekaffen vart det også prata om sau. Sikkert inspirert av preika.
Powered by Labrador CMS