Surnadal kommune melder:

Surnadal kommune sin logo/komunevåpen

Vil du bli støttekontakt?

Vil du bli støttekontakt?

Surnadal kommune har fleire ledige oppdrag som støttekontakt. Gjerne unge og vaksne menn.

Kva gjer ein støttekontakt?

Støttekontakt er ei teneste for dei som treng støtte og bistand for å få til meiningsfulle fritidsaktivitetar og ein betre kvardag, Støttekontakten er organisert under eininga Helse og familie. 

Som støttekontakt har du som oppgåve å hjelpe menneskjer med ulike diagonsar, funksjonsnedsettingar og sosiale utfordringar til eit meir aktivt liv. Vi søker etter støttekontaktar for unge, vaksne og eldre. Mange har behov for bistand og hjelp for å kunne delta i fritidsaktivitetar og ha eit tilfredsstillande sosialt liv.

Aktuelle aktivitetar støttekontakt og brukar kan gjere saman kan vere trening, kino, ulike kulturarrangement, friluftsliv, konsertar eller gå-/biltur. Tenesta tar utgangspunkt i den enkelte sine ønsker og behov. Timetalet pr. brukar varierer frå 2 til 6 timar pr. veke.

Kva krav blir stilt for å vere støttekontakt?

For å bli støttekontakt må du ha fylt 18 år, og vere stabil og påliteleg. Du må like å jobbe med menneske, ha evne til samarbeid og å kunne jobbe sjølvstendig. Personleg eigenheit vil bli vektlagt. Det er krav om politiattest. Som støttekontakt må du ha sertifikat og bør ha bil.

Kva får du som støttekontakt?

Som støttekontakt får du ein positiv og inspirerande jobb. Du får både opplæring og rettleiing. Det er gode moglegheiter for fagleg oppdatering gjennom ulike opplæringstiltak og kompetanseheving. 

Kva godtgjerdsle får støttekontakt? 

Oppdraget som støttekontakt blir betalt med ein fast sats pr. time etter innlevert timeliste. Støttekontakten får også dekt reisekostnadar til og frå brukar frå eigen bustad med kilometergodtgjersle etter kommunen/staten sitt reiseregulativ. 

Korleis søke?

Dersom du er interessert, kan du enten skrive, ringe eller ta kontakt med Elizabeth Miciano, rådgjivar ved Koordinerande eining, Surnadal kommune. Tlf. 48203716

Vi har heile tida behov for nye støttekontaktar, så er det berre å ta kontakt.

Informasjonen er henta frå Surnadal kommune sine nettsider.

Powered by Labrador CMS