Hobbykveld i kyrkja:

Gruppe mennesker samlet rundt et bord med kreative materialer i en varm og innbydende stue.
Aktivitet og skaparglede var på topp.

Julestemning ute og inne

Snøfnugg pynta opp rundt Åsskard-kyrkja, og inne var det juleverksted. - Veldig triveleg hobbykveld, sa deltakarane.

Publisert

Bortimot 40 små og store bruka torsdagskvelden riktig så kreativt. Her laga dei julepynt av alle slag - englar, nissar, stjerner, lenkjer, perlearmband, korger og julekort.

Respons

- For oss som arrangerer, er det kjekt å få slik respons, seier soknerådets Eva Jorid Svendsen og Aashild Settemsdal og medinstruktør Randi Bøe. - Ikkje minst er det flott når heile ti konfirmantar valde å koma - både for å laga ting og for å hjelpe til.

- Verkeleg artig, bekrefta konfirmantane sjøl. Ja, det kom også ønske om bli med neste gong!

To barn lager kunst ved et kjøkkenbord med maling, pensler og hobbyutstyr.
Her blir det stjerner og nisse.
Barn i rød genser tegner ved et bord med farger og papir.
Målarpenselen er fin å bruke.
Gruppe unge arbeider sammen rundt et bord med fargerike materialer i et kirkerom.
Også kyrkjerommet vart verkstad.

Konfirmantane song

Attåt den stappfulle Kyrkjestua var også hobbybord i bruk inne i hovudrommet. Der inspirerte også piano og preikestol til kreativitet. Og sei ikkje at tenåringar er redde for å synge! Her istemte dei både «Tenn lys» og bordvers.

Barn og voksne samlet rundt et piano, med en ung pianist ved tangentene.
Samling ved (klingande) piano.

«Folkets hus» og

Og naturlegvis vart «Å du som mettar liten fugl» etterfølgd av det avsluttande høgdepunktet for kvelden - samlinga rundt matbordet. Vertskapet sørga for kakskiv’, egg, ost, kjøttpålegg og syltety - forutan saft og kaffe.

Kyrkja kan brukast til mangt. Slike kveldar skaper tydelegvis både trivsel og eigarskap til ein 150-åring som ved slike høve blir eit slags «folkets hus».

Travelt lokale med voksne og barn som spiser rundt flere trebord.
Etter bordverset vart det nydeleg kveldsmat.
Gruppe mennesker sitter samlet rundt et langbord med mat og drikke.
Seks av konfirmantane flankert av Randi Bøe (t.v.) og Aashild Settemsdal.

Powered by Labrador CMS