ANNONSE: Surnadal kino
Bonde og bankranar
Det amerikanske uttrykket HELL OR HIGH WATER kan omsettast med å gjennomføre noko, utan å tenke på konsekvensane. Og det er det dei to brørne gjer for å redde ein forgjelda heimgard.
Utgangspunktet er altså at dei held på å miste heimgarden da dei ikkje lenger klarar å betale gjelda til banken. Så kva gjer dei da? Ranar bankane.
Det var kortversjonen. Men HELL OR HIGH WATER er ein langt meir djupare film enn som så, som gjer den meir til eit drama enn ei enkel krimhistorie. Det får oss til å stille spørsmål ved kven som er dei gode og kven som er skurkane. Og sjølv om filmen vart spelt inn i 2016, rimeleg kort tid etter finanskrisa i USA, er tematikken like aktuell i dag – der amerikanske bønder slit grunna ustadige tollavgifter og høge drivstoffprisar.
Filmen fekk gode kritikkar da den kom – ja, alle seks (norske) vi har funne på nettet har gjeve den fem på terningen. Fleire dreg fram manuset, den flotte fotograferinga og skuespelarane – der vi også møter Jeff Bridges som straks skal pensjonerast som Texas Ranger.
«Dette er en film som burde ses!» oppsummerer Kinomagasinet. Og sjansen er der altså onsdag 25.november kl. 12.
Same dag er det også muleg å sjå den siste filmen i THE HUNGER GAMES-serien. Denne har fått tittelen SUNRISE ON THE REAPING (ald.gr. 12 år) og handlinga er lagt 24 år før dei originale filmane i serien der Kaitness kjempa for å overleve – men med nokre av dei same personane (som da altså er 24 år yngre).
Filmkikk.no har samla saman kritikkar frå inn- og utland og funne ut at filmen fortener ein solid firar på terningen. Slik sett legg vel Birger Vestmo i NRK Filmpolitiet seg på eit bra snitt (med fire på terningen): «For min del har «The Hunger Games: Sunrise on the Reaping» klare dramaturgiske kvalitetar i tillegg til ein storslått visualitet. Som gjer dette til ein engasjerande fantasyfilm med treffande parallellar til verkelegheita» (NRK).
Til helga er det premiere på ein såkalla «snakkis»: YOU CAN SEE EVERYTHING er i utgangspunktet ein dokumentarfilm der svindlaren Elizabeth Holmes inviterer eit filmteam for å fortelje om sitt liv – og så sporar alt av.
Meir om forestillingstider, omtalar m.m. finn du på surnadal-kulturhus.no