Trollheimspodden
Sigurd straks klar for haustens turné
Sigurd Brørs er oppvokst i Surnadal, og var i si tid i verdstoppen i langrenn. Pianotimane frå barndommen har det ikkje vore ropa så høgt om, og gitar tok han i første gong då han var 28 år. Han har frå tidleg av vore glad i å lage musikk. No bur han på Dombås og er klar for både Gjendiktingssmie og nye konsertar.
Førstkommande onsdag skal Brørs arrangere Gjendiktingssmie på Dombås, der deltakarane skal gjendikte songar frå eit språk til eit anna. Han håper å få med ein av desse songane på konsertane når kan no skal på turné. Det startar fredag om to veker på Bokhandelen, kafé på Dombås, vidare til Øra Kafé på Sunndalsøra kvelden etter, og på kulturhuset i Surnadal siste kvelden i oktober.
Frå langrennstopp til pappapop
Brørs er svært glad i å både høyre på - og lage - musikk. Når han opptrer stiller han i ein karakteristisk stil. Korleis kom han fram til klesstilen med skjermlue frå Felleskjøpet med matchande gul T-skjorte og gule joggesko?
Han begynte å skrive tekster sjølv etter langrennskarrieren, og da han blei pappa for første gong var det mykje å skrive om som mange kunne kjenne seg igjen i. Så som nybakt far, gav han ut albumet "Pappapop".
–Eg trur alle tekstene var ferdig 7-8 måneder inn i livet til den eldste jenta mi, mimrer han.
Det er i år 30 år sidan Sigurd tok avgjerda om å legge opp på ski. Han har mange gode prestasjonar frå langrennsløypa, og i 1992 kom han på tredjeplass i verdscuprenn i Italia. Kva tankar har han om kva for eigenskapar ein bør ha for å bli god innen langrenn? Og kva er likt med å spele gitar, skrive og komponere låter og å vere i verdseliten i langrenn?
For to år sidan avslutta Sigurd og Jo Sverre Treskifestivalen i Rindal med konserten Ettepåski på Rindal skimuseum. Begge er tidlegare langrennsløparar, og begge lagar og framfører musikk. Kva er det med denne kombinasjonen? Les mer om konserten i denne lenka.
Instrument
Vi veit allereie at den utflytta surnadalingen har bytta ut skiene med gitaren og skiskoa med joggesko for lengst. Denne gongen tek han óg i bruk gamle kunster på tangenter. Han opptrer åleine, men med stagepiano med både piano, elpiano- og orgellyd og eit par gitarer blir det likevel variasjon instrumentmessig.
Familien skaffa seg piano då Sigurd var berre 5-6 år gamal, og han byrja å ta pianotimar då han var åtte år og fram til han var 15 år. Gitar tok han ikkje i før siste året han konkurrerte på ski, då han som 28-åring var i Finland for å delta på eit renn. Etter det har det blitt mykje gitarspeling og musikklaging.
På konsertane er Brørs veldig god til å snakke om songane før han syng. Noko er ramme alvor, medan det neste kan vere noko der han får bruke sin lune humor. Denne gongen har han tenkt å snakke mindre for å få med fleire songar. Og reportoaret er stort. Han kjem til å tilpasse litt konsertane ut frå kvar dei er, men han antek dei vil vare kring ein halvanna time kvar.
Sigurd har vore med i fleire grupper og har gitt ut musikk under ulike navn. Nyaste utgitte låt er «Drøm. Liv.» frå 2025. Her er ei lenke til spelelista "Drøm. Liv." på Spotify, med noko av musikken som er laga over dei siste rundt 20 åra.
Turné
På 81-årsdagen til far til Sigurd spela dei to inn musikkvideo til «What Dad Said (About the Brørs)» i den gamle gymsalen i datidens Surnadal ungdomsskule. Songen handlar om språkvalget når Sigurd skriv songar. Han har laga songtekster på både norsk og engelsk, og på dialekt frå både Surnadal og Dombås. Kva er favorittspråket å skrive på?
Uansett, det har blitt mange songar oppgjennom tidene, både nye låter og gjendikta tekster, og han gjendiktar òg sine eigne engelske tekster. No er han straks klar for haustens turné når han inviterer til "TRU PÅ EIGEN TVIL".
Korleis starta interessa for å skrive låter og lage musikk? Kva synes han er morsomst av å gjendikte tekster og å skrive nye tekster? Kva kan publikum forvente seg under konsertane? Og korleis kom kan fram til tittelen "TRU PÅ EIGEN TVIL"?
Det er like før det brakar laus med Gjendiktingssmie og nye konsertar. I vekas episode av Trollheimspodden får vi høyre Sigurd Brørs fortelje om alt frå langrenntopp til sjølvlaga nordmørspop.