Møre og Romsdal Bondelag:

Kvinne i rosa jakke står foran en grønn åker og rød låve.
Kristin Gilje Sandnes.

Rasar mot kutt i rovviltforvaltninga, igjen

– Regjeringa prøver nok ein gong å kutte fleire millionar i rovviltforvaltninga. Bøndene gjennomfører en rekke tiltak, men tapa er framleis høge. Samtidig sitt regjeringa og held seg for auge og øyre og kuttar i blinde, seier rovviltansvarleg i Møre og Romsdal Bondelag, Kristin Gilje Sandnes.

Publisert Sist oppdatert

Regjeringa la 7. oktober fram forslag til neste års statsbudsjett. Der foreslår dei å kutte 28,1 millionar kroner i løyvinga til førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga. I rapporten for 2025 er det delt ut 69 millionar kroner til slike tiltak. No vil regjeringa redusere til 43,6 millionar.

– Når vi ser at potten blir brukt opp, og fleire hundre søknader i tillegg blei avslåtte, er det openbert at det er eit stort behov, seier Sandnes.

– Enkelte av våre medlemmer har enorme tap til jerv, trass i at dei gjennomfører mange tiltak. Vi snakkar om bønder som driv berekraftig matproduksjon, som nyttar utmarka som beiteressurs og skaper det vakre kulturlandskapet vi alle hyllar, held ho fram.

Næringa gjer tiltak, men kan ikkje ta rekninga åleine

Bøndene i Møre og Romsdal har gjort mange tiltak for å få ned tapa til rovvilt. Spesielt har tiltak som tidleg sanking av dyr påverka sesongen. Allereie 15. august hadde mange bønder teke ned dyra frå beite for å unngå tap. Det er ein heil månad med beite i utmark som går tapt. Då trengst det meir dyrka fôr til dyra som ein ikkje får henta frå beitinga. Det tapet meiner Bondelaget at staten må kompensere.

– Her i fylket blei kvar einaste krone vi hadde tilgjengeleg til slike tiltak brukt opp i beitesesongen. Bøndene hentar dyra tidleg heim, og går glipp av ein månad med beiting. Det må kompenserast for, og då må potten til kompensering vere stor nok, seier Sandnes.

I år blei det løyvd 600 000 kroner i tillegg for å dekkje behovet. Likevel er det berre nok pengar til akutte tiltak som tidleg sanking og skadefelling, ikkje til tiltak som kompetanseheving av fellingslag, utdanning av kadaverhund eller elektronisk sporing av beitedyr, som det òg er behov for.

Gjer som ministeren seier, blir kutta

Tidleg sanking av dyr har blitt trekt fram som eit viktig tiltak av tidlegare klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen ei rekkje gongar. Bondelaget reagerer på at etterfølgjaren hans, Sigrun Aasland, foreslår å kutte i potten til tiltak dei sjølv har heia fram.

– Bøndene som er hardast råka, er svært frustrerte. For det første opplever dei at det er langt fleire rovdyr enn staten har bestemt i rovviltforliket, og no blir det foreslått å kutte i dei tiltaka dei gjennomfører for å halde dyra sine i live på beite. Dette går ut over helsa til mange av dei, og det kan ikkje halde fram slik, seier rovviltansvarleg i Møre og Romsdal Bondelag, Kristin Gilje Sandnes.

 

Powered by Labrador CMS