ANNONSE: 

To smilende kvinner holder innrammede portretter ved et bord med fargerikt materiale.
Klokkar og korist Randi (t.v.) saman med sopran (og songstudent) Liv Marit hentar godbitar frå songbøkene – som «Landstads Reviderte» og soldat Ola Holtens lille feltsalmebok.

Open korkveld: Aftansong i Åsskard

Publisert Sist oppdatert

I hundre år har BBC sendt «Evensong» kvar veke. I femti har Åsskard invitert til halvårlege salmekveldar.

Sangere i burgurrøde kapper står samlet i to rekker innendørs.
Prosjekt 17 har open øvingskveld - til fellesskap med songglade som møter opp.

Ved «fjøstid» (klokka 18) onsdag 14. oktober har koret Prosjekt 17 open øvingskveld, tilnærma «Evensong», i Åsskard-kyrkja. Saman med forsamling og instrument slår koret opp salme- og songbøker med vakre godbitar frå ein stor kulturskatt. Attåt tekst og tone byr koret på spennande historier om mange av songane. Kjenner du eventyret bak «Alltid freidig»? Kva salme er fast innslag på Wembley-finalen?

Åpen historisk salmebok med gotisk tekst og en fyrstikkeske på et trebord.
«Salmer og Vers» var del av soldatutrustninga – som i 1905, da eigaren av denne vesle boka, Ola O. Holten, stod æresvakt ved Kong Haakon VII si kroning i Trondheim.

Revidert Landstad og Feltsongbok

At «Landstads Reviderte» er hundre år, blir markert. Men enno artigare er oppdaginga av ei «Feltsalmebok» frå Toresetra: Dei 34 salmane mellom knøttsmå permar var del av utrustninga for soldatar. Boka tilhøyrde Ola O. Holten, svigerfar til May-Elisabeth i koret. Inni den står også gripande historier om krigsscener – med salmesong!

Voksen og barn spiller fiolin sammen ved et notestativ i et utsmykket rom.
Synnøve Hammervold vil legge øvingstimen med elev Tarjei til songstunda i Åsskard.

Allsong og klassisk

Kvinne med briller spiller tverrfløyte innendørs.
Tove Elin Strand spelar både Bach, Mendelssohn og salmedekorasjonar under Evensongen.

Allsong pregar kvelden. Her blir forsamlinga på enkel måte del av eit felles kor. Fløytist Tove Elin Strand, fiolinist Synnøve Hammervold og Bernt Bøe (piano) gir tonefølgje.

Instrument og kor framfører også kyrkjemusikk av Bach og Mendelssohn. I bibelske toneglimt formidlar dei glimt av Elia, Paulus, Jomfru Maria og litt advent.

Høgtidspreg av «Evensong» går hand i hand med lett, folkeleg atmosfære i eit kjent og kjært songprogram denne tidlegkvelden.

Inngang er gratis – med høve til kollekt. Kaffestund i Kyrkjestua hører med.

Powered by Labrador CMS