Fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag

Tur til Syltnebba

Tekst: Kristian Ranes / Foto: Tor Asle Ranes

Fjellgruppa til pensjonistlaget hadde ein fin tur til Syltnebba i dag. Hausten har drege målarpenselen sin over landskapet; vakkert og vemodig med tanke på sumaren som er over. Elles høyrer vi at det poppar opp turgrupper mange stader: det er så bra at folk kjem seg ut og får mosjon og møter andre i same ærend. Triveleg og godt for helse og humør!P