Stangvikfestivalen 2022

Sigrid Vetleseter Bøe saman med komponist Frode Fjellheim.

Musikk i verdsklasse

Laurdag fekk vi oppleve to urframføringar i Stangvik kyrkje. Ein sju-delt songsyklus skrive for fire mannstemmer, av tenor Linard Vrielink, og eit bestillingsverk komponert av festivalkomponist Frode Fjellheim. - Tenk at vi får oppleve dette i vesle Stangvik!

Publisert Sist oppdatert

"Moments of Vision"

Konserten starta med ein sju-delt songsyklus skrive av tenoren Linard Vrielink. Han hadde med seg baryton Jaka Mihelač, baryton Adam Kutny og bass Erik Rosenius.

Linard fortalde at pandemien var tøff for musikarane, men opna også for nye moglegheiter. – Eg fekk rom til å tenkje ut nye idear, og tid til å komponere, sa han.

– Målet for verket var å finne plass for operatiske mannstemmer i vokal, spirituell ensemblemusikk, forklarte komponist Linard Vrielink.
Jaka Mihelač, Adam Kutny, Linard Vrielink og Erik Rosenius

I programmet sto det at syklusen, som heiter "Moments og Vision", skildrar den kronologiske tidslinja i eit liv. Verket handlar om lys og liv, ungdom, aldring, om å miste sine nærmaste, og om å få nytt liv. Tekstane i verket er henta frå liturgiske tekstar og engelske dikt av Thomas Hardy.

Rolf Arne Berg sat i publikum og hadde stor sans for ensemblet.

– Det er så flott å høyre god a capella-song. Verket tek utgangspunkt i gamal kyrkjemusikk, men har likevel moderne tonalitet, sa Rolf Arne. – Songen fylte kyrkjerommet med klang, fantastisk!

"Gievliej gaskesne - Between the circles"

I andre del av konserten fekk vi oppleve urframføringa av bestillingsverket "Gievliej gaskesne- Between the circles" av Frode Fjellheim.

Kunstnariske leiar for Stangvikfestivalen, Sigrid Vetleseter Bøe, fortalde at dei jobba hardt for å få Frode Fjellheim som festivalkomponist. Gjennom støtte frå Det Norske Komponistfond vart draumen ein realitet. At Frode Fjellheim er favorittkomponisten hennar la ho ikkje skjul på.

Ensemble 6263 leia av dirigent Torodd Wigum. Det er fleire lokale aktørar i ensemblet, lengst bak ser vi Jo Inge Nes.

I programmet sto det at Frode Fjellheim ofte hentar inspirasjon frå joik, alt frå tonar, rytmiske element og vokale parti utan tekst, men med stavelsar ein finn i joik.

Nydeleg joikinspirert song. Torodd Wigum og Sigrid Vetleseter Bøe
Dirigent Torodd Wigum og komponist Frode Fjellheim
Rolf Arne Berg saman med dottera Hedda Hansen Berg. Hedda spela piano i ensemblet 6263. –Ein kjempeflott gjeng å spela saman med, sa Hedda.

– Tenk at vi får oppleve dette i vesle Stangvik, var kommentaren til ein imponert Rolf Arne Berg etter konserten. - Dette er musikk i verdsklasse!

Powered by Labrador CMS