Ida og Johanne frå bandet Echo og Ingebrigt frå Design sette seg ned for ein hyggeleg musikkprat.

Surnadals hyllest til Pink Floyd

Publisert Sist oppdatert

24. og 25. februar brakar det laus i Storstuå med Surnadals hyllest til Pink Floyd. Somme av aktørane er dei same som var med i suksessen for ti år sidan, men dei yngste i ensemblet var berre i barnehage- og småskulealder enno da. Dei er veldig spente no. I tillegg til dei 14 musikarane som vi i hovudsak får sjå og høyre på scena, så har dei med eit kor beståande av tolv bandelevar frå kulturskulen på eitt nummer. Dei hadde siste fellesøving før generalprøven i dag. Sjølv om ungdommane vi preikar med er vane med å stå på scena etter mange år i kulturskulen, er dette heilt annleis. I ein produksjon med så mange artistar blir det mykje meir å passe på. Dei må passe på timing og samspelet med mange andre. Til vanleg har dei ein mikrofon eller eit instrument å halde i og konsentrere seg om. No skal dei kore, og så må dei vere litt skodespelar attåt i framsyninga, og det er nytt, fortel ungdommane. Alle tykkjer det er stas å få vere med på ei ‘ordentleg’ konsert med så mange dyktige musikarar, og dei kjenner seg inkludert i musikarmiljøet når dei får vere med.

I tillegg til fellesøvingane syng dei ein del på songen og puggar tekst sjølve, og dei har begynt å høyre Pink Floyd på Spotify, og dei har fått augene, eller heller øyrene, opp for dette tidlause rockebandet.

Ungdommane representerer banda Echo, Design og The Pink Flamingo Kings, som alle øver på kulturskulen. Kva låt dei skal bidra på i framsyninga er framleis hemmeleg.

Konserten er ikkje heilt utseld enno, så det er framleis mulegheit til å skaffe seg billettar.

Nina og Simone frå bandet The Pink Flamingo Kings er blant dei aller yngste som er med. Dei tykkjer det er veldig skummelt, men gler seg aller mest, og enno meir etter denne øvinga.
Alle kulturskuleelevane som korar på konserten: Ellen Fiske, Ingebrigt Kvendset Bergly, Johanne Holten, Ida Mo, Hedda Moen Gjerstad, Nina Røen, Henrik Bergheim, Sigve Holten, Nicolas Bæverfjord, Ida Hyldbakk, Simone Akrim, Sunniva Elnes Fiske
Powered by Labrador CMS