TV-aksjonen i Surnadal

Fem damer som står og holder opp hver sin plakat for TV-aksjonen.
Komiteen f.v. Elinor Bolme, Elsa Kvande, Bitten Ranes, Oddny E. Hoem og Siv Torvik

TV-aksjonen 2025 - bli med som bøsseberar!

Publisert Sist oppdatert

Søndag 29. oktober er det klart for årets TV-aksjon, der inntekta i år går til Atlas-alliansen, som er ein paraplyorganisasjon for åtte organisasjonar av og for funksjonshemma.

Rundt 16 prosent av verdas befolkning har ei funksjonsnedsetting, og heile 80 prosent av desse bur i eit låg- og mellominntektsland. Inntekta frå årets TV-aksjon vil hjelpe rundt 200 000 av desse i Ukraina, Palestina, Nepal, Zambia, Tanzania, Etiopia og Uganda til eit betre liv.

Ei stor gruppe mennesker som poserer for fotografering i TV--aksjonens t-skjorter.
TV-aksjonen 2025

Verdas største innsamlingsdugnad

Under eit pressetreff i Frivilligsentralen Surnadal sine lokalar i Fiskegården på Skei fredag ettermiddag, vart den lokale pressa orientert om at det i år blir tradisjonell innsamling med bøsseberarar.

Den lokale komiteen for TV-aksjonen består av dagleg leiar for Frivilligsentralen, Siv Torvik, Elinor Bolme frå Surnadal Sanitetsforening, Elsa Kvande frå Surnadal Røde kors, Bitten Ranes frå Pensjonistforbundet Surnadal og Oddny E. Hoem frå Treffast.

Sidan Surnadal kommune er ein vidstrekt kommune trengst det rundt nitti bøsseberarar denne søndagen, og komiteen håper difor mange vil bli med på dugnaden søndag 19. oktober i tidsrommet 14:00 – 16:00. For å registrere seg som bøsseberar går ein på Bli bøsseberar, ved å bruke QR-koden nedanfor eller ved å ta kontakt med dagleg leiar for Frivilligsentralen, Siv Torvik på telefon 478 75 485.

Inviterer til Innsamlings-kafé med loddsal

Søndag 19. oktober, som ein del av TV-aksjonen, inviterer Frivilligsentralen i Surnadal til Innsamlings-kafé i lokala til frivilligsentralen i Fiskegården på Skei.

Her blir det sal av kaffe og kaker. Det blir også loddsal med fine gevinstar. Alle inntektene frå dette går til TV-aksjonen.

Komiteen håper folk vil gje tingar som kan loddast ut. Dei som vil bidra med dette kan ta kontakt med Siv Torvik på telefon 478 75 485. 

– Oppfordrar her spesielt lokale kunstnarar og handtverkarar, seier komitémedlem Elinor Bolme.

Da blir oppfordringa å melde seg som bøsseberar søndag 19. oktober, og bli med på å opne dørene!

Powered by Labrador CMS