TV-aksjonen 2023
![Startskottet går, og årets skuleløp er i gang!](https://image.trollheimsporten.no/257891.webp?imageId=257891&width=960&height=548&format=jpg)
Skuleløp for årets TV-aksjon
Todalen og Stangvik Oppvekstsenter markerte dagen med skuleløp
Søndag 22. oktober er datoen for årets TV-aksjon. Elevane ved Todalen og Stangvik Oppvekstsenter markerte dagen med skuleløp no på fredag.
Årets tema for TV-aksjonen er «La barn leve i fred» og går til Redd Barna sitt arbeid for å hjelpe barn ramma av krig og konflikt. Målet er å gi barn moglegheit til å leike, lære og leve i fred (www.reddbarna.no).
Elevane har hatt dette som tema i undervisninga denne veka, og for å markere aksjonen på ein minneverdig måte, arrangerte skulen eit skuleløp der elevane fekk bidra på sin måte. Dei sprang så mange rundar som mogleg rundt skoleområdet, og innsatsen deira var heilt fantastisk. Sola skein, musikken spelte i bakgrunnen, og det var skikkeleg god stemning i skulegarden.
Mali og Ann Gladys tykkjer skoleløpet er viktig fordi dei vil hjelpe barna som treng det, med å få eit godt liv.
![Ine, Andrea, Marie, Anniken, Anne Margrethe, Oda, Live, Martine og Aron hjalp til med å henge opp plakater før løpet. Elever har laget plakater](https://image.trollheimsporten.no/257895.webp?imageId=257895&width=960&height=548&format=jpg)
![Selma, Mali, Ann Gladys, Emily, Julia og Oda etter årets skoleløp.](https://image.trollheimsporten.no/257897.webp?imageId=257897&width=960&height=548&format=jpg)
Kristian fortel at dei i dag har sprunge rundt skuleområdet for å samle inn pengar til å hjelpe barn som lever i krig. —Det finst mange som er i krigsområde no, som kanskje har ødelagte hus, ødelagte bilar, som ikkje kjem seg vidare, seier Kristian. Sjølv har han sprunge 15 rundar.
![Kristian etter skuleløpet med Redd Barnas logo.](https://image.trollheimsporten.no/257899.webp?imageId=257899&width=960&height=548&format=jpg)
Familie og venner har også hatt moglegheit til å støtte TV-aksjonen gjennom skulen sin spleis. I tillegg har dei tilsette på skulen bidrege ved å gi 1 kr per runde elevane sprang. Saman klarte elevane på 1. til 7. trinn å springe heile 904 rundar! Det var tydeleg kor engasjerte og dedikerte elevane var til å hjelpe andre.
Medan skuledagen nærma seg slutten, vart det servert varm kakao
til alle elevane som ei belønning for innsatsen deira. Det blei ei fin
markering som elevane truleg vil hugse lenge.
![Snorre og Martine kosa seg med ein velfortjent kopp med kakao.](https://image.trollheimsporten.no/257902.webp?imageId=257902&width=960&height=548&format=jpg)
Om du vil støtte TV-aksjonen gjennom skulen sin spleis kan du
gjere det her: https://www.spleis.no/project/340541
![Klare til start](https://image.trollheimsporten.no/257906.webp?imageId=257906&x=0.00&y=12.16&cropw=100.00&croph=75.68&width=960&height=548&format=jpg)
![Løpet er i gang](https://image.trollheimsporten.no/257908.webp?imageId=257908&width=960&height=548&format=jpg)
![Ute i løypa](https://image.trollheimsporten.no/257912.webp?imageId=257912&x=0.00&y=11.27&cropw=100.00&croph=77.46&width=960&height=558&format=jpg)
![Velfortjent kakao etter løpet](https://image.trollheimsporten.no/257914.webp?imageId=257914&width=960&height=548&format=jpg)