Her vert kommunedelplanen for Todalsfjordprosjektet vedteken, 22 mot fem stemmer.

Klart ja til Todalsfjordprosjektet – fem stemte imot

Publisert

Engasjementet vart stort då kommunestyret i Surnadal torsdag ettermiddag behandla kommunedelplanen for Todalsfjordprosjektet. Formålet med kommunedelplanen er å gje eit formelt grunnlag for å gå vidare med ein reguleringsplan for vegprosjektet.

Kommunedirektøren si tilråding, som vart lagt fram på møtet, vart i den avsluttande avstemninga sett opp mot eit forslag frå MdG-representant Eli Vullum Kvande om å ikkje vedta kommunedelplanen for prosjektet.

22 av representantane stemte for kommunedelplanen, medan Vullum Kvande og Ap-kvartetten Rakel Polden, Laila Buskenes Aune, Olav Bergheim og Jorid J. Aarvåg stemte imot.

Rakel Polden (f.v.), Laila Buskenes Aune, Jorid J. Aarvåg, Eli Vullum Kvande og Olav Bergheim stemte imot.

Saman med Ole Stensby (SV), stilte dei fem og eit tilleggsforslag, som vart samrøystes vedteke. Der ba dei om at det blir gjennomført ei konsekvensutredning frå eit eksternt firma med tanke på kulturminne/kulturmiljø i Svinvika før reguleringsplanen skal behandlast.

Også fleire andre tilleggsforslag til tilrådinga, stilt av Lars Inge Kvande (Sp), vart vedteke anten samrøystes eller med overveldande fleirtal.

Spenn på 713 meter

Saka starta med ei orientering frå planprosjektleiar Anna Myrstad Strand frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Ho slo fast at bakgrunnen for at fylkeskommunen, som vegeigar, har gått inn i prosjektet, er at det dei omtalar som eit fastlandssamband vil gje ein sterkare region.

Strand gjekk gjennom hovudelementa i planen, og endringane som er gjort etter at plana låg ute til høyring.

Kort fortalt er det i kommunedelplana snakk om ein tunnel frå Ålvundfossen og bru frå Rakaneset til Svinvika. Den traséen vart valt og vedteken av kommunestyret i Surnadal 7. mai 2015, i Sunndal 13. mai og av fylkestinget henhaldsvis 15. juni same år.

Det skal lagast nytt T-kryss mellom riksvegen og ny fylkesveg i Ålvundfoss, og ein om lag 4210 meter lang tunnel til Rakaneset. Der vil vegen gå «direkte» frå tunnelen og ut på brua over Todalsfjorden.

Den skisserte brua har eit spenn på 713 meter, toppen av brutårnet blir 95 meter høg og seglingshøgda 25 meter. Til samanlikning har Gjemnessundbrua eit hovudspenn på 623 meter, er 108 meter høg og ei seglingshøgde på 43 meter.

Øygarden-Åsbøen er ikkje ein del av denne kommunedelplana, sidan den allereie er behandla på kommunedelplannivå.

Todalsfjordbrua fra Indre Drøppingan.

Vil jobbe vidare med justering av vegtrasé

Svinvika og vegtraseen der, har skapt stort engasjement i dagane fram mot kommunestyret si behandling av saka. Strand fortalte kommunestyret at det er mogleg å bygge ein krappare venstresving enn den som no er skissert, og på den måten redusere tapet av dyrka mark vest for vegen.

– Fylkeskommunen ønskjer å jobbe vidare med moglegheit for å justere vegtraseen for å ivareta alle omsyn til Svinvika, sa Strand, og forsikra om at ein i ein seinare planfase har moglegheit til å justere både vegtrasé og kurveradius.

Strand fortalte at vegtiltaket vil forringe verdien av området i Svinvika, og at den samfunnsøkonomiske analysen viser at Todalsfjordprosjektet ikkje er samfunnsøkonomisk lønnsamt.

– Men, konsekvensanalysane fangar ikkje opp betydinga av at ein knyt Indre Nordmøre saman, som ein større bu- og arbeidsmarknadsregion. Det gjev grunnlag for nye teneste- og servicearbeidsplassar, som kan gje auka attraktivitet for busetting, sa ho, og la til:

– Det vil og auke vegstandarden, og redusere reisetida mellom Surnadal og Sunndal med 16 minutt.

På vegne av fylkeskommunen tilrådde Strand at kommunedelplanen vart vedteken.

Trollheimsporten kjem med meir frå sjølve debatten.

Todalsfjordbrua fra sør.
Powered by Labrador CMS