Foreldre og barn i full gang med leik under åpen hall i Surnadal.

Åpen hall i Surnadal Idrettshall

Publisert Sist oppdatert

Lørdag 21. oktober arrangerte Surnadal IL Barneidrett nok ein gong åpen hall i Surnadal idrettshall.

Allereie da arrangementet åpna kl. 10.00 var hallen begynt å fylles opp av barn i alderen 0-10 år, foreldre og besteforeldre. Barna hadde mange aktiviteter å velje mellom, og kom kjapt i gang med leiken.

Mange aktiviteter å velje mellom!
Mange aktiviteter å velje mellom!
Små og store kosar seg saman.

Fleire småbarnsforeldre seier at dei sett pris på at det finst eit slikt tilbod i kommunen, og at det er ein fin arena for å treffe andre foreldre og barn.

Byggjeklossar, bilkøyring, bowling, sklie, trampoline og balansebenk er noko av det barna har moglegheit til å prøve på åpen hall. Her er det mykje å gjere for både dei minste barna, og dei litt større.

I tillegg til leik var også kiosken åpen, med sal av blant anna muffins, kanelboller, kake og saft. 

Fire av arrangørene Silje Ranes, Inger Anita Løkås, Jorid Aarvåg, Malin Kvande Moen.
Full parkeringsplass utafor hallen.
Powered by Labrador CMS